Hentar inn vekstkapital til helsesatsing
Ålesund-selskap har utvikla avansert førstehjelpsverktøy. Løysinga er klar for marknaden neste år.
Selskapet Pre Aid i Ålesund oppstod som ein følgje av at gründeren Trond Lauritsen opplevde hjelpelausheita ved å vere første «lekmann» på ein skadestad.
Det førte til at han stilte seg spørsmålet om kva som kan hjelpe personar som hamnar i kritiske helsesituasjonar i tida fram til ambulansen kjem.
Resultatet er blitt eit avansert hjelpesett som inneheld noko av det mest effektive utstyret som ambulansen sjølv brukar ved fleire type kritiske hendingar. Løysinga er overvaka heile døgnet og skal berre gjerast tilgjengeleg ved behov av autorisert helsepersonell.
– På denne måten gjer vi den vanlege mann i gata i stand til å yte medisinsk naudhjelp saman med profesjonelle, seier Lauritsen til NETT NO.
Trur raskt vekst vil vere suksessfaktor
Gründeren viser til at kvart minutt er kritisk ved ei rekke akutte hendingar. Rask behandling kan utgjere forskjellen mellom god helse, invaliditet og i verste fall død.
Marknaden kan i stor grad samanliknast med den for hjartestartarar, men verktøyet kan nyttast langt oftare, påpeiker Lauritsen.
Selskapet har rekna ut at det årleg oppstår kring 60.000 tilfelle her til lands der Pre Aid-eininga kan nyttast. Potensialet kan med andre ord vere betydeleg – ikkje minst om ein ser globalt.
– Den kanskje viktigste suksessfaktoren er at vi klarer å skalere og vokse fort nok, meiner Lauritsen.
Mål om å hente 12 millionar
For å hjelpe seg i vekstreisa har dei søkt investorar både her i regionen og nasjonalt.
Etter å ha henta inn kapital i to tidlegare emisjonsrundar, er dei no i sluttfasen av ein større kapitalinnhenting. Målet er 12 millionar kroner, og Lauritsen fortel at dei har god tru om å nå målet.
Lauritsen har til no vore største eigar i Pre Aid. Mellom dei andre eigarane er Artec Aqua-gründerane i Ålesund og Langseth-familien som mellom anna er medeigarar i Hydroniq Coolers på Ellingsøya.
På marknaden i 2024
Måten å ta i bruk teknologien, er førebels unik i verda, og Pre Aid er vere først ute med å få internasjonal godkjenning for eit slikt system. Likevel ser dei ikkje vekk frå at det på sikt kan kome andre konkurrentar på banen.
Selskapet har allereie bestilt elektronikken for produksjon av kring 1500 einingar. Ei CE-godkjenning som betyr at produktet er sikkerheitsklarert i Europa, kjem på plass våren 2024 - og leveransar til dei første kundane i Møre og Romsdal startar i tredje kvartal neste år.
Førebels har Pre Aid inngått avtaler med leiande utstyrsforhandlarar. I vår gjorde selskapet eit testsal der 25 potensielle kundar i regionen fekk presentert produktet. Tilbakemeldingane var gode og det vart inngått avtaler om leie av til samen 23 løysingar.
– Vi fekk veldig god respons frå regionale bedrifter med HMS-fokus, fortel Lauritsen.
Tett samarbeid med helseføretaket
Grunnlaget for konseptskissene Lauritsen først utvikla, var ein «workshop» med sin eige sjukepleiedotter. Desse tok han med til Helse Møre og Romsdal og AMK-sentralen, som dei har samarbeida tett med i utviklingsarbeidet.
– Det er ei stor ære og privilegium å få jobbe saman med alle dei dyktige og dedikerte menneska i ambulansetenesta. I arbeidet har vi forsøkt å bygge eit system rundt deira sine faktiske behov – og i samsvar med gjeldande prosedyrar og regelverk, seier gründeren.
Løysinga inkluderer og eit system for å få næraste eining brakt til skadestaden.
Publisert: 15.11.2023 05:00
Sist oppdatert: 15.11.2023 08:20