Hentar kapital for vekst med solenergi
Har tilsett dei første i leiargruppa, og fått Roger Hofseth og telegründer inn på eigarsida.
Inseanergy er i gong med å hente friske pengar for å halde fram satsinga med å bruke solcelleenergi til oppdrett. Sande-selskapet har utvikla ei løysing som har som mål å ta for seg alt energibehovet ved oppdrettsanlegg.
– Kapitalen skal sikre dei ambisiøse planane vi har for selskapet, og skal finansiere produktutvikling og kommersialisering, fortel dagleg leiar Jan Erik Våge Klepp til NETT NO.
Første tilsette
Klepp har i løpet av den siste tida også tilsett sine tre første medarbeidarar. Mellom dei er Per Einar Storhaug som er finansdirektør og Erik Rongved som er teknologidirektør.
Storhaug kjem frå jobben som finansdirektør i Sunnmørsposten, og vart den første tilsette etter Klepp. Storhaug fortel til selskapet si eige nettside, at han har trua på både Inseanergy og havbruksbransjen.
Teknologidirektør Erik Rongved har tidlegare hatt tilsvarande roller i Kvenne EMT og Bandak Engineering. Rognved ser fram til ei hektisk periode knytt til kommersialiseringa av solkraftverket deira, Sub Solar.
Les også
Hofseth og Pritchard inn som eigarar
I år har Roger Hofseth, gjennom selskapet Ocean Solar, kome med på eigarsida.
S. Notøy Eiendom – som eig 100 prosent av Plany - og Ocean Solar er per i dag dei største eigarane i Inseanergy.
Gründeren av teleselskapet Nortel, Christian Pritchard, er styreleiar i Inseanergy, og har også inne med ein eigarpost.
Millionunderskot i fjor
Førebels har ikkje gründerane eit produkt for sal, og rekneskapen for 2020 viser eit underskot på drygt tre millionar (sjå tabell under).
I årsrapporten blir det påpeika at ny eigenkapital er tilført for å sikre vidare drift.
Tidlegare har Inseanergy fått millionstøtte frå Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune for å kommersialisere ideen. Selskapet har mellom anna testa løysinga på eitt av Hoseth Aqua sine anlegg i Stranda,
Inseanergy AS | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 1,1 | |
Driftsresultat | -3,1 | |
Res. før skatt | -3,1 |
Publisert: 27.07.2021 05:55
Sist oppdatert: 10.01.2022 12:17