Skaparhuset sommarguidar 111
SOMMARGUIDAR: Desse ungdomane er tilsett for å rettleie grunnskuleelevar i møte med ny teknologi ved Skaparhuset. Kjersti Kleven (t.h.) er dagleg leiar ved møtestaden i Ulsteinvik. Frå venstre: Krisaan Rasakumar, Kristina Håskjold, Lee Stø Melting, Karl Petter Lühr Brevik og Anthony Leinebø. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Lærer opp framtidas skaparar

– Dette er noko eg sjølv ville vore med på då eg var yngre, slår Lee Stø Melting fast. Ho har jobb som sommarguide for skulelevar som møter ny teknologi.

Marius Rosbach
26.06.2021

Alt frå rakettforsking, til 3D-printing og oppgåver som: Kva kan du lage av ei colaboks på ein time, har stått på programmet for dei 25 skuleelavane på sommarcamp ved Skaparhuset i Ulsteinvik.

Denne veka og neste veka er dagleg leiar Kjersti Kleven og ein handfull unge sommarguidar i full sving med det nye tilbodet. Seinare i sommar skal dei i gong med ei ny runde.

Lee Stø Melting kjem frå Bergen, men er på besøk i Ulsteinvik medan ho har sommarjobb. Ho er ikkje i tvil om at opplevinga har vore verdt det så langt.

– Dette er noko eg ville vore med på då eg var yngre. Eg synes det verka koseleg då eg fekk høyre om tilbodet, og synes det er gøy å arbeide her, fortel Melting.

Sommarskule med koronamidlar

Regjeringa har løyva 500 millionar kroner til ulike sommarskuler for elevar i grunnskolen.

Målet er at tilbodet skal kompensere for nokre av dei faglege og sosiale følgjene pandemien har hatt for barn og unge.

Les meir om ordninga på regjeringen.no (ekstern lenke)

– Dei har full kontroll
Elevane har utforska bruk av VR-briller, laga bane på golvet for kappløp med ein form for «ballar» som kan programmerast. Dei har óg vore ute i lokalmiljøet, mellom anna med besøk ved anlegget til Søre Sunnmøre Reinhaldsverk.

Då NETT NO er innom, skal dei til med ei øving kalla «egg drop», der dei skal finne ein måte å beskytte eit egg, slik at det toler å falle frå ei viss høgde.

Oppgåvene til dei unge guidane, er å rettleie elevane frå barne- og ungdomsskulen. Kjersti Kleven si oppgåve er å halde i trådane.

– Dei har full kontroll på det tekniske, seier Skaparhuset-sjefen.

(saka held fram under)

Skaparhuset sommarguidar 22
DRONE: Sommarguidane Anthony Leinebø (t.h.) og Krisaan Rasakumar med ei drone nokre av deltakarane har bygd. Foto: Marius Rosbach

3D-printar figurar og mobilholdarar
Herøyværingen Anthony Leinebø går linja for teknologi og innovasjon ved Ulstein Vidaregåande skule (UVS), saman med Karl Petter Lühr Brevik frå Ulsteinvik og Krisaan Rasakumar frå Hareid.

– Til dømes på 3D-printerane så viser vi korleis dei kan bruke dei og lage modellar. Nokre har printa figurar og nokon lagar brikkar til eit sjakkbrett – og fleire har laga mobilhaldarar, fortel Anthony Leinebø.

Alle faga blir lagt opp til at vi skal kunne drive med teknologi
Anthony Leinebø

Har ulike bakgrunnar
Sommarguidene har ulik bakgrunn, men det er bevisst rekruttert mellom elevane frå teknologi-linja på UVS, fordi dei har gode kunnskapar for å guide campdeltakarane.

– Alle faga blir lagt opp til at vi skal kunne drive med teknologi, og vi har eigne teknologifag som vi mellom anna jobbar med her nede på Skaparhuset. Det er dette som er interessa vår, forklarar Anthony Leinebø.

Kristina Håskjold frå Volda har studert teknologi ved Kreativ Folkehøyskole. Også nemnte Lee Stø Melting har gått vidaregåande skule med design og arkitektur som fag.

(saka held fram under)

Sommarskular på Nordvestlandet

228 kommunar har fått pengar til sommarskule frå koronamidlane. Ei rekke av desse er på Sunnmøre og i Nordfjord (sjå oversikt over tildeling under)

Ålesund, Stad og Ørsta er mellom kommunane som har fått mest midlar. Dei har ein rekke tilbod som filmskule, hesteriding og turn. Ved Campus Ålesund er det «Escaperoom» ved Norsk Maritimt Kompetansesente.

Desse kommunane har fått midlar i nordvest:

  • Ørsta kommune 1.270.900
  • Sula kommune 1.235.900
  • Volda kommune 1.122.400
  • Giske kommune 1.105.900
  • Stad kommune 1 084.600
  • Ulstein kommune 991.500
  • Stryn kommune 830 100
  • Ålesund kommune 741.2400
  • Gloppen kommune 560.200
  • Stranda kommune 407.700
  • Fjord kommune 284.000
  • Vanylven kommune 251.800
  • Storfjord kommune 140.000

(kjelde: udir.no)

Skaparhuset sommarskule 3d print mobiltelefon 22
3D-PRINT: Fleire av deltakarane i Ulsteinvik har laga mobilholdarar ved hjelp av 3D-rpintarane. Foto: Marius Rosbach
Det gjeld å skape kreativiteten vi treng
Kjersti Kleven

– Det gjeld å skape kreativiteten vi treng
Sommarcamp-tilbodet er finansiert med koronamidlar frå regjeringa, som er tildelt via Ulstein kommune. Ulstein har på same vis som Haram, gode tradisjonar for samarbeid mellom skule og næringsliv.

Kjersti Kleven påpeiker at bedrifter i den maritime klynga, saman med bransjeorganisasjonar gjennom mange år har vore aktive i dette arbeidet.

– Skaparhuset er ei vidareføring av dette samarbeidet og det dei unge held på med her, er absolutt relevant for næringslivet. Det gjeld å skape kreativiteten vi treng for å utvikle eksisterande næringsliv, og ikkje minst skape nytt, påpeiker ho.

Podium

E7/S1 Kjersti Kleven og Lene Trude Solheim om møteplassar for næringslivet i og etter korona.

Publisert: 26.06.2021 05:55

Sist oppdatert: 26.06.2021 00:51

Mer om