Jon Olav Ødegård 1
VEKST: Jon Olav Ødegård er dagleg leiar i Hofseth Biocare. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Hofseth Biocare aukar veksttakta

Opp 45 prosent sidan i fjor.

12.05.2023

Hofseth Biocare auka driftsinntektene med 37 prosent frå 2021 til 2022.

Veksten i første kvartal i år er på 45 prosent samanlikna med 1. kvartal i 2022, og 33 prosent over driftsinntektene frå 4. kvartal 2022.

Hofseth Biocare foredlar avskjer og restråstoff frå laks til ingrediensar til helsekost og kjæledyrfôr. Dei utviklar óg produkt som kan bli legemiddel.

Hofseth Biocare er framleis eit selskap med tosifra millionunderskot, men greier no å vekse utan at underskotet aukar.

Les børsmelding her

Selskapet RH Industri eig 17,54 prosent av aksjane i Hofseth Biocare. RH Industri er eigd av eit selskap eigd av Roger Hofseth. Hofseth International, der selskap eigd av Roger Hofseth eig 45 prosent, har ein aksjepost på 14,98 prosent i Hofseth Biocare.

Hofseth Biocare ASA
1. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt44,830,8
Driftsresultat-36,5-33,5
Resultat før skatt-37,8-35,7

Publisert: 12.05.2023 11:00

Sist oppdatert: 12.05.2023 11:21

Mer om