Hofseth lanserer lokalmatprodukt
Laksen og ørreten som kjem til butikkhyller over heile Nordvestlandet, har aldri vore utanfor regionen.
Hofseth International sel mesteparten av fisken sin til utlandet, men no satsar Roger Hofseth og co. på lokalmarknaden.
Fredag lanserer Hofseth eigne lokalmatprodukt som blir distribuert av Spesialgrossisten gjennom konseptet «Godt Lokalt».
Laks og ørretpakkane skal seljast i butikkar i heile Møre og Romsdal og i deler av Vestland fylke. På sikt kan det vere aktuelt å tilby forbrukarpakningane i butikkhyller over heile landet.
Oppdrett i Tafjord og Storfjord
Fredag har selskapet lansering med oppskrifter og smaksprøver på Rema 1000-butikken i Strandgata i Ålesund. Fisken i dei nye pakningane har aldri vore utanfor Sunnmøre sine
grenser. Smolten blir oppdretta i Tafjord, før den blir sett ut i anlegg i Storfjorden.
I Ålesund og på Valderøy blir fisken foredla til ulike produkt. I
tillegg foredlar Hofseth laks frå andre oppdrettarar. Røyking av Hofseth
sin laks og ørret skjer på Valderøya.
Alle rester på fisken blir brukt, og mykje blir foredla vidare av Hofseh Biocare på Midsund. Sistnemnte selskap kunne dagen i forvegen melde at dei hadde sikra seg såkalt NDI-status (New Dietary Ingredient) i USA, for flere helsekostprodukt.
Hofseth-konsernet har rundt 530 tilsette på Sunnmøre og i Romsdal, og er blant bedriftene som sysselsett flest i regionen. Hofseth jobbar også med ein rekke prosjekter som kan gi fleire hundre nye arbeidsplassar på Sunnmøre.
Roger Hofseth bur sjølv på Ellingsøya og er ein ivrig forkjempar for lokal verdiskaping.
– Det å skape arbeidsplassar, sunn- og kortreist mat er berekraft i praksis, uttalar Roger Hofseth i ei pressemelding i samband med lanseringa.
Auka interesse for lokalmat
Spesialgrossisten som står bak konseptet «Godt Lokalt» opplever ei auka interesse for lokale produkt landet over, og spesielt i nordvest ser dei stor auke i sal av lokalmat.
Cesilie Nakken som er ansvarleg for kundar i nordvest er no glad for å endeleg kunne frakte pallar med Hofseth-laks ut i butikkane.
– Dette har vi jobba med lenge, og verkeleg gleda oss til. På Sunnmøre har vi sterke tradisjonar knytt til fiskeri, og derfor er det her veldig stas, seier ho i meldinga.
Publisert: 03.12.2021 12:20
Sist oppdatert: 03.12.2021 12:33