Roger hofseth montasje egget foto illustrasjon marius ovum 11
BLIR MEDEIGAR: Roger Hofseth vil over helga kunngjere at han går inn som medeigar i selskapet som utviklar det lukka oppdrettsanlegget Egget. Foto/illustrasjon: Marius Rosbach/Ovum
Nytt

Hofseth satsar på lukka anlegg

Går inn som medeigar i Egget-prosjektet i Vestnes.

Marius Rosbach
01.09.2022

Måndag inviterer Hofseth og Ovum til pressekonferanse i samband med ei «felles satsing» på lukka oppdrettsteknologi.

Etter det NETT NO kjenner til skal mellom anna Roger Hofseth inn som medeigar i selskapet som utviklar teknologiløysinga kalla Egget.

Kommunikasjonssjef Janniche Farstad i Hofseth-gruppen vil ikke bekrefte opplysningane, og viser til pressekonferansen.

Er sjøsett i Romsdalsfjorden
I invitasjonen blir det opplyst at administrerande direktør Roger Hofseth i Hofseth og administrerende direktør Cato Lyngøy i Ovum vil gjere greie for «endringar i eigarskap» og presentere vidare planar for prosjektet.

Det lukka oppdrettsanlegget, Egget, som nylig blei sjøsett i Romsdalsfjorden, står sentralt i satsinga.

Teknologien bak Egget er utvikla av selskapet Ovum – tidlegare Hauge Aqua Solutions. Prosjektet fekk tildelt seks utviklingsløyver i 2017, og det er desse løyvene som partnarane no skal realisere.

Vil hindre lakselus og rømming
Målet med Egget-prosjektet er å fjerne dei største miljøutfordringane i norsk havbruksnæring – lakselus og rømt oppdrettslaks, heiter det i invitasjonen.

Roger Hofseth har allereie planar om oppdrett på land i Raudbergvika, i tillegg til anlegga konsernet allereie har i sjøen. Han har óg vore ein uttalt tilhengar av lukka oppdrettsteknologi, samtidig som han ved fleire høve har peika på at kostnadene er høge.

Eit besøk til Egget er også på programmet under den komande Gath-konferansen på Sunnmøre neste veke.

Publisert: 01.09.2022 16:16

Sist oppdatert: 01.09.2022 16:26

Mer om