Visningssenteret åpning Emil Andre Helstad Roger Hofseth Jon Hjortdal Mathias Martinsen foto Marius 11
VISNINGSSENTER: Roger Hofseth (nr. 2. f.v.) og rektor Jon Hjortdal flankert av Stranda-elevane Mathias Martinussen Aure (t.v.) og Emil Andre Helstad under opninga av den interaktive utstillinga på Atlanterhavsparken. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Størst kamp om plassane ved havbruk

Personleg engasjement frå Roger Hofseth har vore ein suksessfaktor, meiner vidaregåande-rektor.

Marius Rosbach
26.08.2022

I desse dagar er dei første elevane i gong med ved havbruksutdanninga si ved Stranda vidaregåande skule. Det nystarta utdanningsprogrammet var i år det som opplevde størst kamp om plassane.

– Vi tok inn 14 elevar og hadde ti på venteliste. At vi har så stor oversøking er gledeleg, seier rektor Jon Hjortdal til NETT NO.

Roger Hofseth som eig og leiar sjømat- og oppdrettsbedriftene i Hofseth-gruppen har personleg engasjert seg i å få på plass utdanninga. Og den har kome på plass svært raskt, i løpet av eitt års tid.

– Er god til å nå ut til ungdomen
– Når det blir starta eit nytt tilbod, er det alltid spennande om vi klarer å nå ut til ungdomen. Det ser ut som at vi har treft godt, fortel Hjortdal.

Rektoren fortel korleis Roger Hofseth mellom anna tok med seg elevar på omvisning og fortalde om planane for bedrifta før søknadsfristen i vår.

– At Hofseth er villig til å bruke ressursar og kompetanse i dette arbeidet, er ein suksessfaktor. Og han er god til å nå ut til ungdomen, legg Hjortdal til.

Emil Andre Helstad t v Mathias Martinussen Aure  elevar havbruk foto marius 11
OPNING: Havbrukselevane Emil Andre Helstad (t.v.) og Mathias Martinussen Aure frå Stranda vidaregåande skule klepte snora for visningssenteret framfor inviterte gjestar torsdag. Elevane fortalde til NETT NO at moglegheiter til jobb i lokalmiljøet var mellom motiva for å starte utdanninga. Foto: Marius Rosbach .

Skal samarbeide tett vidare
Rektoren har trua på tett samarbeid mellom skule og bedrifter også i undervisning. Elevane skal allereie første skuleår ut i praksis for å bli kjent med bedriftene og næringa.

– Her stiller også Hofseth med folk til å ta seg av og rettleie elevane, legg Hjortdal til.

Torsdag kveld stod rektoren og to elevar for opninga av visningssenteret for havbruk ved Atlanterhavsparken. Senteret skal auke kunnskapen både om fisken som blir nytta i oppdrett og korleis bransjen jobbar.

Kan få behov for fleire hundre nye tilsette
Roger Hofseth tok sjølv initiativ til eit slikt senter tilbake i 2018. Etter kvart kom samarbeidet med Atlanterhavsparken på plass. Det har mellom anna resultert i den interaktive utstillinga som no er ope for publikum.

Gjennom Hofseth Aqua og Hofseth International driv Hofseth både oppdrett, foredling og eksport av fisk. Han har også store planar om landbasert oppdrett i dei tidlegare gruvehallane ved Raudbergvika i Storfjorden.

Reguleringsplanen for satsinga på eit tosifra antall milliardar skal opp til politisk behandling i haust. Om alt går Hofseth sin veg, vil selskapa hans ha behov for fleire hundre nye tilsette dei neste åra.

(saka held fram under)

Visningssenter foto marius 22
AUKA KUNNSKAP: Visningssenteret som består av ei interaktiv utstilling på Atlanterhavsparken og ei visningsflåte i Valldal, skal i første rekke bidra til auka kunnskap om bransjen. Foto: Marius Rosbach

Bransjen avhengig av utanlandsk arbeidskraft
Roger Hofseth legg ikkje skjul på at han er uroa for rekrutteringa til bransjen. Han meiner det er næringa sin største utfordring.

– I dag er vi avhengig av folk frå utlandet for å drive næringa. Og det blir berre meir og meir vanskeleg, seier han til NETT NO.

Her skal det nye visningssenteret spele ei viktig rolle.

– Visningssenteret vil vere her i fleire tiår. Alle dei unge som blir informert om bransjen i løpet av den tida, er ei investering vi kjem til å profitere på seinare, meiner han.

I dag er vi avhengig av folk frå utlandet for å drive næringa. Og det blir berre meir og meir vanskeleg
Roger Hofseth

– Har ingenting å skjule
Hofseth meiner bransjen samtidig er i ferd med å overvinne det dårlege rykte dei har hatt på miljø.

– Det dreiar seg om å nå ut med rett informasjon. Eig pleier å seie at eitt oppdrettsanlegg gjerne produsere 30 millioner måltid. Det tilsvarar noko slikt som 2000 mål med okser i Texas. Det er ingen tvil om at dette er berekraftig matproduksjon, seier Hofseth.

Det nye visningssenteret består både av utstillinga på Atlanterhavsparken og ein flåte på Storfjorden ved Valldal.

– Eg har ingenting å skjule og viser alt vi held på med. Det er ikkje all matindustri som vil gjere det same, påpeiker han.

Publisert: 26.08.2022 10:29

Sist oppdatert: 26.08.2022 22:59

Mer om