Erna solberg iselin nybø pressekonferanse foto statsministerens kontor 11
PRESSEKONFERANSE: Fredag klokka 13 inviterer regjeringa til pressekonferanse om koronasituasjonen. Foto: Statsministerens kontor
Nytt

Håpar på neste trinn i gjenopninga

Kan bli meir normal arbeidsinnvandring og slutt på skjenkerestrikasjonar. Følg pressekonferanse kl. 13.

18.06.2021

(NPK-NTB-Andreas Løf): Virke vil det globale reiselivsrådet til livs, og NHO håpar det blir lettare å hente utanlandske arbeidarar når regjeringa truleg startar på trinn tre fredag.

Både å opne for prioriterte grupper arbeidsreisande og å fjerne det globale reiserådet og erstatte det med reiseråd til spesielt ramma land, står i trinn tre i gjenopningsplanen.

Regjeringa har likevel heile vegen sagt at gjenopninga blir styrt av smittesituasjonen og ikkje datoar, og det er langt frå sikkert at heile trinn tre blir innført med ein gong.

Følg direktesending frå klokka 13 (ekstern lenke)

– Aktiviteten er i ferd med å ta seg opp
Virke-direktør Ivar Horneland Kristensen håpar og forventar at gjenopninga sikrar dei som ifølgje han har vore ramma hardast, altså kultur- og reiselivsnæringane.

– Vi ser at aktiviteten er i ferd med å ta seg opp, så håpar eg det vi tek i neste trinn, er dei som har hatt det tøffast. Viss vi no får klare opningar der, altså på reiseråd og moglegheita til å halde større arrangement, er vi godt på veg, seier han.

Større arrangement?
Kort samanfatta håpar han det sørgjer for at folk får reise ut av Noreg, og at folk får reise inn.

– Så lenge vi kan gjere det på ein sikker og trygg måte, håpar vi at mest mogleg av avgrensingane kan tilpassast slik at ein kan få til rørsle. Ut frå det vi klarer å lese av smittetala, ser vi ingen grunn til at vi ikkje no kan gå for det, seier han.

Ei gjenopning for større arrangement håpar han òg kan redde nokre av festivalane og konsertane som no er avlyste, slik at dei kanskje kan prøve igjen på seinsommaren eller hausten.

Utanlandsk arbeidskraft
NHO er på si side opptekne av moglegheita til å kunne få inn arbeidskrafta dei treng.

– Bedriftene våre slit med å få tilgang på tilstrekkeleg arbeidskraft, så dei har sjølvsagt forventningar når det gjeld innreise, seier arbeidslivsdirektør Nina Melsom i NHO.

Ho håpar ein mellom anna kan bruke koronasertifikat for å løyse dette, og dessutan at ein opnar for å søkje om innreise på gruppenivå for personell som ikkje har vaksinesertifikat.

– Men alt som er av gjenopning, som jo vil bidra til å få hjula i gang igjen, er gladmeldingar for oss, seier ho.

Gjenopnings-pressekonferanse
Regjeringa har kalla inn til koronapressekonferanse fredag klokka 13.

Følg direktesending frå klokka 13 (ekstern lenke)

Tema er gjenopningsplan, og Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg, Venstre-leiar og kunnskapsminister Guri Melby og KrF-leiar og barneminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) er alle til stades.

Det er òg trioen helseminister Bent Høie (H), FHI-leiar Camilla Stoltenberg og helsedirektør Bjørn Guldvog, som dei fleste er vande med å sjå på TV-skjermen tilnærma kvar veke.

Heile trinn to i den såkalla gjenopningsplanen er no gjennomført, og det er venta at regjeringa startar på trinn tre. Der står mellom anna gjenopning av breiddeidrett, oppheving av skjenkestopp og oppheving av det globale reiserådet.

Dette er trinn tre i gjenopningsplanen

Trinn 3: Her vil det kunne lempes ytterligere på restriksjoner både i det private og det offentlige rom.

  • Det åpnes for at en kan ha 20 gjester hjemme. 50 personer skal kunne møtes på private arrangementer i leide lokaler.
  • For offentlige arrangementer vil det bli gjort egne vurderinger som knyttes opp mot eventuell bruk av hurtigtester og koronasertifikat.
  • Det blir normale skjenketider, men det vil fortsatt være krav om registering og god avstand mellom gjester.
  • Vi vil fortsatt ønske at flest mulig jobber på hjemmekontor.
  • I breddeidretten for voksne vil det bli vurdert å åpne gradvis for seriespill og øvrige konkurranser.
  • Toppidrettsutøvere kan nå drive tilnærmet normal idrettsaktivitet.
  • Vi vil også åpne for mer utenlandsreiser, men med fortsatt krav til karantene og testing. Disse kravene kan imidlertid bli endret fra i dag. Også for reiser utenlands vil vi vurdere hvordan koronasertifikatene kan brukes.
  • Det vil også åpnes for mer normal arbeidsinnvandring.

(Kjelde: regjeringen.no)

Nakstad: Delta-trussel
Det er smittesituasjonen som avgjer kva og kor mange lettingar som er mogleg å gjennomføre.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad vil ikkje kommentere kva som kjem på pressekonferansen, men seier til NTB at situasjonen er lovande.

– Smittesituasjonen i Noreg er prega av få smitteutbrot og fallande smittetal, men vi er bekymra for at utbrot av meir smittsame virusvariantar kan setje TISK-apparatet til enkelte kommunar i strekk i sommarferien, seier han.

– Dersom vi unngår større smitteutbrot fram til fleire er vaksinerte med to dosar, vil vi nok kunne leve meir normalt i Noreg utover sommaren, legg han til.

Den største trusselen mot vidare gjenopning er større utbrot av delta-varianten, men Nakstad håpar desse kan handterast relativt raskt.

– Den største trusselen er større utbrot av delta-varianten som medfører alvorleg sjukdom blant uvaksinerte personar, men også slike utbrot kan handterast raskt av kommunane og treng ikkje nødvendigvis medføre behov for langvarige tiltak, seier han.

(©NPK)

Publisert: 18.06.2021 09:01

Sist oppdatert: 18.06.2021 09:09

Mer om