Bjørnar Selnes Skjæran foto Ogne
TIL ÅLESUND: Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran besøker Ålesund tysdag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

– Håper konferansen kan bli eit internasjonalt utstillingsvindauge

Statsråd på havbruksbesøk i Ålesund. Skal også hauste innspel om kvotemeldinga.

Marius Rosbach
04.09.2022

Tysdag kjem fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran til Ålesund i samband med GATH-konferansen i byen.

Samtidig nyttar statsråden høve til å møte fiskeorganisasjonane for å få innspel til arbeidet med kvotemeldinga.

Ser stort potensiale i havbruksklynge
Skjæran startar dagen på den nyoppstarta GATH-konferansen. Global Aquaculture Tech Hub (GATH) er eit nettverk som blei starta opp i fjor av selskap frå Møre og Romsdal, som er mellom dei leiande i bransjen.

– Ny teknologi er avgjerande for å sikre auka berekraft i havbruksnæringa. Eg håper konferansen kan bli eit internasjonalt utstillingsvindauge for den banebrytande havbruksteknologien som blir skapt i Møre og Romsdal. Her ligg det store moglegheiter for å skape arbeidsplassar og verdiar, seier fiskeri- og havministeren i ei pressemelding i forkant av besøket.

I tillegg til at Skjæran er mellom innleiarane på konferansen, skal han delta i debatt med dei tidlegere fiskeriministerne Harald Tom Nesvik og Odd Emil Ingebrigtsen ved konferansen på Parken kulturhus.

Kvoteinnspel og hamnebesøk
Etterpå skal ministeren møte lokale fiskeorganisasjonar for å få innspel til regjeringa sitt arbeid med kvotemeldinga.

- Fisken i havet tilhøyrer oss i fellesskap og no legg vi grunnlaget for ei ny og rettferdig retning i fiskeripolitikken. Fiskerinæringa skal gi auka aktivitet, meir verdiskaping og fleire heilårlege arbeidsplassar i lokalsamfunn langs heile kysten, i tillegg til gode inntektsmoglegheiter i alle flåtegrupper. For å lykkast med det, vil eg samarbeide godt med både organisasjonane i fiskerinæringa og dei fiskeriavhengige kystsamfunna, seier statsråden i meldinga.

Skjæran får også ei orientering frå Ålesundregionens havnevesen og skal besøke hamneområder i sentrum av Ålesund, på Flatholmen og på Gjøsund i Giske.

Publisert: 04.09.2022 15:42

Sist oppdatert: 04.09.2022 15:49

Mer om