Havila venus Bergen hamn Rune Paulsen
BERGEN: Ankerhandlaren Havila Venus (t.v.) og fleire andre fartøy ligg i Bergen og ventar på nye oppdrag. Skipsmeklar spår millionrater til sommaren. Foto: Rune Paulsen
Nytt

Høgste rater på over tre år

Sola skin over PSV-marknaden i Nordsjøen igjen, fastslår skipsmeklar. Og sommaren ser enno betre ut.

04.05.2022

I marknadsoppdateringa frå skipsmeklaren Seabrokers i magasinet Seabreeze vert det slått fast at spotratene i mars og april for forsyningsskip i Nordsjøen ikkje har vore betre sidan midten av 2019.

No ser reiarane fram til sommaren, med tru på at ratene vert endå betre i den hektiske sommarsesongen. Dette er godt nytt for hardt pressa offshoreselskap.

Seabrokers viser til at på britisk sektor av Nordsjøen vart det i april ikkje slutta meir enn eit par PSV-kontrakter med spotpris på under 10.000 britiske pund i døgnet. Flesteparten av ratene låg mellom 13.000 og 17.500 britiske pund.

- Der har vore ei rekke periodar der eigarane har tilbode skip til rater nord for 20.000 pund i døgnet, skriv Seabrokers.

Gode rater
På norsk side av Nordsjøen har histora vore omlag den same.

- Det store fleirtalet av kontrakter vart i april slutta på rater mellom 165.000 til 225.000 kroner i døgnet, skriv Seabrokers.

Det blir også vist til at det i periodar har vore så få tilgjengelege PSV-ar i spoten at selskapa har vore nøydde til å bruke ankerhandlararar til å utføre typiske oppdrag for forsyningsskip.

For ankerhandlarar skriv Seabrokers at april var litt rolegare enn mars, då det var stor aktivitet og gode rater.

Rater
RATEHOPP: Store ratehopp frå 2021 til i år for både OSV-ar og ankerhandlarar. For store PSV-ar er ratehoppet på over 87 prosent. Illustrasjon: Seabreeze

Få ledige skip
Men også for denne fartøygruppa strammar det seg til med periodevis få fartøy tilgjengelege. Dette har ført til at fleire aktørar har inngått langtidskontrakter, noko som fører til at det vert endå færre fartøy i spotmarknaden.

Ifølgje ei oversikt frå skipsmeklaren Westshore er det onsdag morgon ikkje ein einaste PSV tilgjengeleg på norsk side av Nordsjøen, medan det er seks PSV-ar tilgjengelege på britisk side.

For ankerhandlarar er det fire ledige på norsk side, og seks ledige på britisk side.

- Vil sjå millionrater
Westshore-meklar Sølve Høyrem har til Finansavisen uttala at i sommarsesongen vil ein truleg på nytt sjå millionrater i spotmarknaden.

Han viser til at halvparten av ankerhandlarane i sommarsesongen vil vere knytte opp til prosjektarbeid, slik at det er få båtar igjen til å konkurrere om spotoppdraga.

- Særleg i juni er mykje vekke, så då kan det bli utfordrande å få tak i båt, seier Høyrem.

Samstundes er antal båtar i opplag kraftig redusert etter at mange fartøy no er reaktivierte eller selde. Blant anna har Solstad Offshore seld eit stort antal fartøy.

Publisert: 04.05.2022 11:00

Sist oppdatert: 05.05.2022 00:10

Mer om