Joachim Wacker Lars Luhr Olsen foto Ulstein Group
AVTALE: Intensjonsavtalen mellom Thyssenkrupp Marine Systems ved Joachim Wacker (t.v.) og Ulstein Verft ved Lars Lühr Olsen vart signert onsdag. Foto: Ulstein Group
Nytt

Inngår avtale om fregattsamarbeid

Ulstein går i kompaniskap med tysk storkonsern. Kan utløyse investeringar ved verftet.

Marius Rosbach
26.03.2025

På «Undersea Defence Technology»-konferansen i Oslo onsdag signerte tyske Thyssenkrupp Marine Systems og Ulstein Verft ein intensjonsavtale om felles innsats for å levere nye fregattar til den norske marinen.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Ulstein Group onsdag. 

Thyssenkrupp Marine Systems har lange tradisjonar i design og bygging av marinefartøy og har 8.000 tilsette ved tre verft i tyske Kiel, Wismar - og eitt i Brasil. 

Fregatt Illustration thyssenkrupp Marine Systems
VELPRØVD DESIGN: Den tyske fregattdesignet har vore nytta i over 20 år. Om Norge går for å kjøpe slike, kan ein del av arbeidet skje ved Ulstein Verft. Illustrasjon: Thyssenkrupp Marine Systems

Kan utløyse investeringar ved verftet
Om partarane får kontrakten vil ein ein vesentleg del av verdiskapinga finne stad i Noreg, blir det opplyst. Målet er at fartøya blir utrusta her til lands. 

– Gjennom intensjonsavtalen arbeider Ulstein Verft langs ei ny retning parallelt med den sivile skipsbyggingsaktiviteten vår. Dersom fregattprosjektet vert tildelt vår samarbeidskonstellasjon vil vi sjå på moglege investeringar for å vidareutvikle produksjonen ved anlegget vårt, uttaler administrerande direktør Lars Lühr Olsen ved Ulstein Verft i meldinga. 

– Ser ein på dette i eit lengre tidsperspektiv der levetida til fartøya blir tatt i betraktning, med behovet for vedlikehald, oppgraderingar og modernisering, er Ulstein Verft si geografiske plassering ideell for best mogleg utnytting av desse fartøya, legg han til. 

Velprøvd fregattdesign
Thyssenkrupp sin F127-fregatt er basert på det velprøvde MEKO A-400-designet, som har vore etablert i meir enn 20 år i ulike fregattklassar.

– Denne avtalen er ein milepåle i vårt engasjement for den norske industrien, seier Joachim Wacker som er leiar for produktsal og produktstrategi i Thyssenkrupp Marine Systems. 

Norge skal etter planen ha fem eller seks nye fregattar som erstatning for Fridtjof Nansen-klassen.

Er inngått fleire samarbeid
Kandidatane er tyske F127 frå Thyssenkrupp, den britiske Type 26, den franske FDI og den amerikanske Constellation-klassen. I sistnemnte alternativ er Vard involvert i ei samarbeid via Fincantieri

Det norske forsvaret planlegg også innkjøp av opptil 28 mindre fartøy framover. Til saman kan det utgjere ein rekke store avtalar for den maritime industrien. 

Også fleire andre verft og Kongsberg Maritime har inngått samarbeid med mål om å sikre seg kontrakter. 

Publisert: 26.03.2025 15:05

Sist oppdatert: 26.03.2025 18:49

Mer om