Anne Birte Bjørdal Hanken foto tone molnes 11
Nytt

Jacu skal doble omsetninga på kort tid

Kaffebrenneriet i Ålesund har bygd stein på stein. No er dei klare til å ta ut potensialet.

Marius Rosbach
23.02.2021

Gründeren av kaffebrenneriet Jacu i Ålesund, Anne Birte Bjørdal Hanken, er gjest i den nyaste episoden av podcasten Podium. Der kjem det fram at bedrifta har vekstplanane klare for dei komande par åra.

– Vi kan iallfall doble omsetninga, nesten utan å auke utgiftene, fortel Hanken i podcasten.

Jacu blei starta opp i 2011 og har dei siste åra snust på ei omsetning på ti millionar kroner. Hanken har snakka om moglegheitene før - men no er ho klar på at ei kraftig auka skal vere innan rekkevidde i løpet av eit par år.

– Eg trur 2021 blir framleis litt forsiktig organisk vekst, men etterpå har vi lyst til å prøve å doble til 20 millionar, fortel ho.

Kan produsere tre gonger meir
Kaffegründeren starta opp i heimbyen etter å ha budd nokre år i Oslo, og følte det var naturleg å bli gründer. No har dei kome dit at fundamentet er skikkeleg på plass.

– Vi eig bygget og det er eit vakkert produksjonslokale - der vi også kan produsere tre gonger meir enn vi gjer i dag med dei same folka, forklarar ho.

Mellom anna merkar dei ei internasjonal interesse, som gjer at dei trur det er mykje å hente på nettsal. Dei har lagt ned mykje arbeid i å beskytte merkevara, som er mellom dei viktigaste konkurransefortrinna dei har.

Høyr episoden av Podium her (ekstern lenke)

Jan tore holen conta foto conta 11
HAR LÆRT AV NEDTURAR: Jan-Tore Holen legg ikkje skjul på at han har hatt nokre nedturar - men at han har lært av dei. Foto: Conta

Oppturane større med nokre nedturar
I podcast-episoden fortel Hanken om nedturane ved gründerlivet. Mellom anna innrømm ho at tal og rekneskap ikkje er hennar sterkaste side - og at det har hendt at ho har kome gråtande på døra til rekneskapsføraren.

Jan Tore Holen som starta opp programvareselskapet Conta, er også gjest i den nyaste podcast-episoden. Han har hatt sine nedturar med konkursar og manglande kontroll på økonomien – som han meiner å ha lært mykje av.

– Å gå gjennom konkursar har vore det verste eg har opplevd, men det har verkeleg forma meg til den eg har blitt, og korleis eg tenker om business, fortel han i podcasten.

Holen påpeiker at oppturane blir mykje større, om ein har erfaring med å gå på trynet. Han vil likevel ikkje råde nokon til å gå konk, og hans beste tips er å tørre å satse og hive seg ut i det.

Conta-gründeren fortel at nedturane lærte han at det ikkje held å ha ein god ide. Mellom anna forstod Holen at han også måtte ha dei rette folka rundt seg og jobbe med grundig med marknaden.

Utradisjonell veg til vekst
Holen fortel at dei har gått ein anna veg enn dei fleste, i jakta på vekst. At dei ville gi vekk programma sin gratis, var vanskeleg å få forståing for hos rådgjevarar og investorar. Men dei har halde fast på å bygge kundemasse og samtidig utført andre tenester for å skaffe inntekter.

Mellom anna har Conta i dag det mest populære fakturaprogrammet i Norge med kring 100.000 aktive brukarar.

– Nokre av dei vil vere morgondagens store bedrifter og tanken er at vi skal følgje dei eit stykke på vegen, fortel Holen.

Gründeren erkjenner likevel at dei kunne ha profesjonalisert styret tidlegare når dei starta med vekststrategien. Holen meiner ei vanleg felle, er å ha eit «ja-styret» som ikkje gir selskapet dei rette utfordringane.

Publisert: 23.02.2021 05:55

Sist oppdatert: 23.02.2021 00:08

Mer om