Rekkedal Gjestehus Karin Rekkedal
LIGG GODT AN: Karin Rekkedal (midten) er 20. i rekka til å drive Rekkedal Gjestehus. Her er ho saman med besøk fra Hurtigruten i vinter. Foto: Rekkedal Gjestehus
Nytt

Julebordsesongen ser lys ut trass dyrtid

Ørsta-gjestehus har allereie passert fjoråret. Men marginane «blir spist opp», melder Ålesund-veteran.

Julebordsesongen er godt i gang. Det kjenner fleire av restaurantane og gjestehusa på Nordvestlandet.

NETT NO har prata med fleire av dei for å høyre korleis sesongen blir i år.

Dei fleste melder gode forhold. Likevel er det tendensar til at færre bookar bord i vekedagane.

Betre enn i fjor
Midt i den langstrakte Bondalen i Ørsta vil fleire ha julebord på Rekkedal Gjestehus samanlikna med i fjor.

– Eg tok ei telling førre veke, og vi hadde allereie passert fjorårets bookingtal. Då er eg godt fornøgd, seier Karen Rekkedal.

I fjor vart ho den 20. i rekka til å drive garden, og første kvinne.

Etter opptellinga har dei fått enno fleire bestillingar. Tala gjeld berre julebordgjestar, og ikkje folk som har bestilt utflukter.

– Både når det gjeld grupper av privatpersonar og firma så har tala stege. Majoriteten av gjestane våre er firma.

Rekkedal Gjestehus bordoppsett Foto Rekkedal Gjestehus 11
LANG HISTORIE: Rekkedal Gjestehus ligg på ein slektsgard med historie som strekk seg 500 år tilbake. Her tek dei i mot små og større grupper i renoverte gardsbygg Foto: Rekkedal Gjestehus

Færre firma i år
I fjor hadde XL Gruppen i Ålesund ein veldig god julebordsesong. Etter to år med nedstenging i landet ville bedriftene ut, fortel Ivar Breivik.

Frå torsdag til søndag har dei fulle hus, og kjem til å ha det framover.

– Eg har helde på i veldig mange år, så vi har merka litt endringar.

Måndag til onsdag er då næringslivet oftast bestiller hjå dei.

Firma som tradisjonelt sett har teke kundane sine til julebord, har det blitt færre av.

– Eg skal ikkje klage. Vi kjem oss godt igjennom året, sjølv om verdssituasjonen fører til at folk er meir bevisste på budsjettet sitt.

Ivar Breivik foto Ogne
ÅLESUND: Dagleg leiar i XL Gruppen Ivar Breivik er nøgd med årets julesesong. Mest interessant synes han er at folk vel anna enn tradisjonelle juletallerkenar. Arkivfoto: Ogne Øyehaug

– Må vere meir kreative
Breivik ser meir bekymra mot første og andre kvartal neste år.

– Når vi driv med mat må vi importere mykje. Marginane vore blir spist opp av auka råvarekostnadar, så vi må vere meir kreative.

Dei har prøvd å halde prisane på same nivå som før, men nokre rettar har måtte blitt erstatta i perioder.

– Nokre av rettane vore har vi hatt på menyen i 24 år. Desse kan vi ikkje tulle med i det heile tatt. Så det er sjølvsagt ei utfordring når råvarekostnadane stig.

Glass Restaurant Foto Privat
MOLDE: Glass Restaurant var restauranten med 5. beste resultat av alle på Nordvestlandet i 2022. Foto: Privat

Vekst i Molde
Jan Erik Nyland er dagleg leiar på to restaurantar som tek imot bestillingar av julebord: Glass og Køl. Samanlikna med fjoråret, opplev dei ein auka etterspurnad etter julebord.

– Både bedrifter og mindre grupper av privatpersonar var tidleg ute med bestillingar, seier Nyland.

Alle helgene inn mot jul er nesten fullbooka, og kvardagane er i gang med å fyllast opp.

Glass Restaurant vil ha ei auka omsetning på 25 prosent i november, og dei ventar tilsvarande auke i desember. Det same gjeld Køl Restaurant, der auken er på 20 prosent i november.

Totalomsetninga deira ligg omtrent på nivå med fjoråret, medan driftsresultatet vil gå ned grunna høgare lønningar og råvareprisar.

– Det vil rett og slett bli for dyrt å gå ut på restaurant om vi skulle ha auke prisane på mat og drikke.

Brør Vidar og Håvard Gjersdal Våde foto Linn
BRØDRE: Kjøkkensjef Vidar Gjersdal Våge og barsjef på Brør, Håvard, kan forvente ein normal julebordsesong ifølgje far deira. Arkivfoto: Linn Antonie Vårdal Solheim

Normalt for Brør
Ved Brør i Volda venter dei verken dårlegare, eller betre tal. Talet på bookingar har gått litt opp.

– Det ser ut som det blir ein normal julebordsesong, i likheit med fjoråret. November ser bra ut, og desember ser ok ut, seier dagleg leiar Tore Våde.

Av erfaring veit han at grupper med privatpersonar er litt treige med bookinga si.

– Totalt sett går vi nok i minus med litt dårlegare resultat enn i fjor. Spesielt oktober var ein svak månad.

Han peiker på auka renter, og at folk har mindre å rutte med som årsakene.

Våde er spent på kva neste år bringer. Han håper det blir bra, sjølv om han trur det kan blei ein tung start.

Gjestar bestiller nærare dato
Dagleg leiar i Ut i Ålesund, Marius Lunde Petersen, fortel at dei har noko lågare bestillingar til julebord i år, enn foregåande år.

Ut i Ålesund driv utestadane T2, Bro, Molo, Dampsentralen og Bryt, som mellom anna har Momentium på eigar-sida.

– Gjestar bestiller nærare mot dato og ikkje i like stor grad gjennom førehandsbestillingar langt fram i tid, seier Petersen.

Dei har hatt ein nedgang på kring 20 prosent i bestillingar til klassiske julebord, men dei merkar ei auke på individuelle bestillingar.

I likheit med Ivar Breivik i XL Gruppen har han bete seg merke i at dei har godt belegg i helgene, medan vekedagane har lågare aktivitet enn tidlegare.

Publisert: 28.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 28.11.2023 22:07

Mer om