Jan Erik Nyland Molejazz Foto Privat Moldejazz 11
MOLDEJAZZ: Utelivsaktør Jan Erik Nyland er mellom dei som har travle dagar under jazzfestivalen i Molde. Foto: Moldejazz/Privat
Nytt

– Doblar seg nesten i juli

Fleire titals tusen jazzentusiastar gir eit kraftig oppsving for næringslivet i Molde.

– Det er full rulle og mykje aktivitet i byen, både blant dei som bur her og tilreisande. Det slår positivt ut for handelen, seier dagleg leiar i Molde Næringsforum, Britt Flo.

Ho viser til at det det historisk har vore to veker som toppar seg for varehandelen i Molde: jazzveka og veka rett før jul.

– Er folk innstilt på å bruke litt pengar under Moldejazzen?

– Ja, det ser slik ut. Mange tek «full pakke» når dei først er her.

– For hotell- og restaurantnæringa er dette beste veka i året med fulle restaurantar og høg omsetnad. I alle fall dei som har uteservering, sjølv om vêret har ein del å seie der.

Flo peikar på at både varehandelen og servicenæringane opplever eit valdsomt trøkk, og at det gir ringverknader til transportbransjen ved at tilreisande også tek turar til t.d. Romsdalseggen og Midsunstrappene når dei først er i området.

For hotell- og restaurantnæringa er dette beste veka i året med fulle restaurantar og høg omsetnad
Britt Flo


Fleire enn i fjor
På Amfi Roseby stadfestar senterleiar Anne Lise Sæter Simonsen at jazzfestivalveka er ei av dei beste vekene for senteret.

– Det er mykje folk og mange tilreisande. Vi har gode spiseplassar dei brukar. Både måndag og tysdag såg vi aukande besøkstal samanlikna med fjorårets jazzfestival. Butikkane eg har snakka med, melder om god omsetnad.

– Kva betyr det å ha festivalen i byen?

– For Molde som by og oss som handelsdrivande, er det sjølvsagt kjempeviktig at byen får så mange besøkande i ei vekesperiode. Det er også viktig for å marknadsføre Molde.

Under tak
Butikkane som dreg mest nytte av alle tilreisande er dei som sel klede og sko, leikebutikken og elektrobutikkane, registrere senterleiaren.

– Og så har det gått litt i regntøy i år.

– Ja, de merkar det på vêret?

– Vi merkar det på den måten at det er mykje fleire besøkande når det er gråvêr og litt kaldare. Det er nesten synd å seie det, men det er bra for oss med kjøpesenter som har tak over hovudet.

Mange jarn i elden
Ein av dei som har det mest hektisk i festivalveka, er Jan Erik Nyland. I lokalpressa vert han omtala utelivskongen i Molde.

Han er blant byens største aktørar i restaurant- og serveringsbransjen, og er involvert i drifta av fleire verksemder.

Nyland er dagleg leiar og medeigar i restauranten Glass, som hadde nest størst omsetning av restaurantane på Nordvestlandet i fjorårets bransjeoversikt.

Han har same roller i Køl Bar og Bistro og den italienskinspirerte serveringsstaden Syd, i tillegg til at han er involver i vinbaren Glød.

I 2021 som er det siste tilgjengelege rekneskapsåret for restaurantselskapa, var omsetninga på nærare 45 millionar kroner. Glass var einaste selskap som tente pengar det året, medan Køl og Syd gjekk i minus.

Moldejazz-veka gir no eit kraftig tilskot til årets omsetnad.

– For oss er det absolutt ei travel veke. Vi har mykje uteservering, med 600 plassar. Dei er sjølvsagt ikkje i full bruk når vêret ikkje er med oss, men det er veldig god trafikk innandørs. Vi har hatt nok å gjere, seier han til Nett NO.

Største veka
Fredag og laurdag klarna vêret opp, samstundes som dei største konsertane under jazzfestivalen går av stabelen.

Det heile toppar seg med utekonserten laurdag. Då skal 7000 personar ut, og mange av dei besøker serveringsstadane før og etter konserten. Pluss at dei fastbuande tek helg.

– Det ingen tvil om at det er den omsetnadsmessig største veka, seier Nyland.

– No hadde vi ein periode med fint vêr, så det var ein god juni, men det er nesten så det doblar seg i juli. Eit stort bidrag til det er denne veka, seier Nyland.

– For oss som bur her, er det gøy at vi har ei veke der det verkeleg skjer noko. Alle tilsette gler seg til å jobbe, sjølv om det er hektisk og travelt. Det er mange nye folk.

– Har folk byrja gå ut att etter eit litt labert fjorår?

– Vi merka at folk var litt forsiktige med å gå ut etter pandemien. Det var dårleg oppmøte på konsertane på Syd i fjor. Lokalet er lite, men vi har alltid hatt fullt hus der. Vi sleit med å selje billettar, og det merka nok festvialen også. Men i år har det losna att. Vi ser at folk er flinke å gå ut att no, seier Nyland.

Publisert: 22.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 21.07.2023 23:09

Mer om