Blåskjell foto Arnbjørg Aagesen Havforskningsinstituttet
BLÅSKJELL: Med lang kystlinje har Norge det største potensialet for produksjon av blåskjell i Europa. Slik satsing kan også ha positive effektar på vasskvaliteten. Foto: Arnbjørg Aagesen Havforskningsinstituttet
Nytt

Kan blåskjell stå på laksemenyen?

Import av fôr utgjer store delar av utsleppa frå oppdrett. Forskarane undersøker alternativ.

NPK
30.11.2023

(NPK): Innan 2030 bør alt oppdrettsfôr vere frå ei berekraftig kjelde. No skal havforskarar granske om blåskjel bør stå på laksemenyen i framtida.

Brorparten av klimagassutsleppa frå lakseoppdrett stammar frå fiskefôr som er laga av soya og fiskemjøl og -olje.

No ser forskarane på moglegheita for å dyrke fram eit meir miljøvennleg alternativ.

– God fôrkandidat
– Blåskjel er ein god fôrkandidat, og Noreg har det største produksjonspotensialet i Europa. Blåskjela som vert brukte i dyrefôr har ein kort produksjonssyklus, sidan desse er mindre og yngre enn dei vi et, seier havforskar Ikram Belghit til Havforskingsinstituttet sin nettstad.

Belghit leier det nye prosjektet Mussel Up, som nyleg har fått drygt 12 millionar kroner i støtte frå Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF).

Målet er å finne ut om blåskjel er eit like godt fôralternativ i røynda som på papiret.

Treng meir berekraftige alternativ
Oppdrettsnæringa er venta å vekse for å svare på eit auka matbehov i verda. Med då trengst det meir berekraftige fôralternativ.

I dag står oppdrettsfôr for mellom 75 og 83 prosent av klimagassutsleppa frå norsk lakseproduksjon. Særleg høgt er klimaavtrykket frå soyaimport frå Brasil.

Berre 0,4 prosent av ingrediensane i norsk akvafôr kjem frå berekraftige ingrediensar som insektsmjøl og mikroalgar.

Har næringsstoffa laksen treng
– Ei endring i produksjonen og bruken av fôringrediensar vil vere ein av dei mest effektive måtane å redusere klimaavtrykket knytt til norsk havbruk, forklarar Belghit til nettstaden.

– Om ein samanliknar samansetninga i protein og feitt, så har blåskjelmjøl næringsstoffa laksen treng. Tidlegare HI-prosjekt har synt at den atlantiske laksen kan ete og fordøye det, men òg at det har mykje å seie korleis blåskjela er handsama.

(©NPK)

Publisert: 30.11.2023 10:58

Sist oppdatert: 30.11.2023 10:56

Mer om