Kan overta oppgåver frå faglærte
Ny metode skal vere vinn-vinn både for bedriftene og personar utan full arbeidsevne.
Ein ny måte å bemanne arbeidsplassen, heter det om metoden Inkluderande Arbeidsdesign, som Furene no vil ta i bruk. Metoden tek utgangspunkt i at arbeidsgivarar må tenke nytt både i rekruttering og korleis arbeidsoppgåvene blir fordelt i bedrifter.
– Ein kan sjå
annleis på korleis ein brukar dei som allereie er i arbeidslivet. I
Inkluderande jobbdesign blir det undersøkt kva oppgåver som må gjerast
av faglærte, og kva oppgåver andre kan gjere, forklarar avdelingsleiar
Kristi Gaudestad i Furene til NETT NO.
Inkluderande Arbeidsdesign
En metode utvikla i Nederland og testa i sju land via eit EU-prosjekt. Eigd av ei nederlandsk non-for-profit-stifting.
Bransjeforeninga Arbeid & Inkludering har rettigheteine til å «drifte» metoden i Norge.
Dei første arbeids- og inkluderingsbedriftene her til lands, er i startgropa med å ta den i bruk. Furene med hovedkontor i Volda, er mellom dei.
Arbeids- og inkluderingsbedriftene med hovedkontor i Volda, har starta eit samarbeid med bedrifter med sikte på å sette ut i livet ei slik form for arbeidsinkludering på Sunnmøre.
Lønsamt for bedriftene
Fleire bransjar har utfordringar med å skaffe faglært arbeidskraft. Ved
bedrifter som bilverkstader og restaurantar, er det samtidig ein rekke
oppgåver som like gjerne kan handterast av ufaglærte, som å rydde eller
kutte grønsaker.
Desse oppgåvene kan då andre tilsette kome inn og gjere, medan faglærte kan nytte meir av tida si på andre oppgåver. Slik blir det også økonomisk gunstig for arbeidsgivar.
– Då kan til eksempel også bilverkstaden fakturerere meir for den faglærte arbeidskrafta, påpeiker Gaudestad.
Stort behov for arbeidskraft
Bakteppet er ein stram arbeidsmarknad med stort behov for folk,
kombinert med ei store gruppe som står utanfor arbeidslivet meir eller
mindre permanent.
Gaudestad peiker på at utfordringane med å skaffe arbeidskraft, bør føre til ei endring i korleis arbeidsgivarane tenker om rekruttering.
– Nå har vi også mindre arbeidsinnvandring og vi klarar ikkje dekke behovet for arbeidskraft via dei vanlege kanalane. Samtidig ser vi eit stort engasjement for å hjelpe ungdom, fortel avdelingsleiaren.
Furene kunne før helga fortelle at dei sette ny rekord med antall personar som fekk formidla jobb eller utdanning i løpet av fjoråret.
Heile 219 bordtenningsballar kunne dei tilsette fylle opp i monteret der dei markerer framgangen dag for dag.
Gaudestad ser ikkje vekk frå at eit stram arbeidsmarknad «smittar over» til arbeids- og inkluderingsbedrifta.
– Vi hadde litt høgare formidlingsresultat utover hausten, enn vi hadde om våren. Det kan godt vere eit resultat av behovet for arbeidskraft generelt, legg ho til.
Den same trenden har dei sett på nasjonalt nivå i takt med gjenopninga av samfunnet
– Har klart å halde hjula i gong
Formidlinga av folk til arbeidsgivarar har dei siste åra vore utfordra
av koronarestriksjonar, som har gjort det vanskeleg å møtast fysisk.
– Vi er glade for at vi likevel har klart å halde hjula i gong, fortel Gaudestad.
Pandemien førte også til at nokre bransjer ei periode var heilt uaktuelle å rekruttere til, fordi mange av dei rett og slett var nedstengt.
– Men i helse og omsorg så skreik dei etter folk. Skulane trengde også mykje folk, så det var andre områder som tok unna, påpeiker ho.
Publisert: 30.03.2022 05:01
Sist oppdatert: 29.03.2022 23:42