Havila Capella Trondheim
FAST I BERGEN: Havila Capella ligg torsdag framleis til kai i Bergen i påvente av ei avklaring på sanksjonsproblema. Her er skipet fotografert i Trondheim under jomfruseglasen i fjor. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Risikerer ny kansellering

Om Havila Kystruten skal rekke neste seglas, må reiarlaget snart få eit svar.

Marius Rosbach
21.04.2022

Kystruteskipet «Havila Capella» ligg torsdag morgon framleis til kai i Bergen etter at det vart stoppa på grunn av sanksjonane mot Russland.

Sjekk AIS-sporinga til skipet her (ekstern lenke)

Herøy-reiarlaget Havila Kystruten ventar på avklaring frå styresmaktene.

– Vi veit ikkje noko meir akkurat no, men vi må snart ta ei avgjerd om neste rundtur, fortel kommunikasjonsansvarleg Lasse A. Vangstein til NETT NO.

Målet er å segla laurdag
Den planlagde seglasen frå Bergen tysdag 12. april vart stoppa, og sidan har reiarlaget prøvd å finne ei løysing. Komande laurdag skal skipet etter planen legge ut på neste seglas frå Bergen-Kirkenes-ruta.

Vangstein vil ikkje opplyse noko deadline for kva tid reiarlaget må ha eit svar, men legg ikkje skjul på at det nærmar seg.

Målet er å starte neste rundtur frå Bergen på laurdag, men først må dei få klarsignal frå Utanriksdepartementet. Kva tid svaret kjem, veit dei lite om.

– Vi har fått ei stadfesting frå styresmaktene om at dei har fått våre innspel, også er det ein dialog med styresmaktene vidare, fortel Vangstein.

Ramma av sanksjonar

Dei fire skipa til Havila Kystruten er finansierte av det russiske selskapet FTLK, og vart dermed ramma av sanksjonane mot Russland etter invasjonen i Ukraina.

Den konkrete årsaka til at skipet førebels må lligge til kai, er manglande forsikring.

Reiarlaget har opplyst at det langsiktige er å bryte alle band med det russiske selskapet. Selskapet treng 4 milliardar kroner for å refinansiere dei fire skipa.

Publisert: 21.04.2022 08:56

Sist oppdatert: 21.04.2022 09:43

Mer om