Global Florø anlegg
UTVIDAR: Global Fish investerer 55-60 millionar kroner og meir enn doblar frysekapasiteten ved fabrikken i Florø. Foto: Global Fish
Nytt

Korona gav valutagevinst

Kronekursen stupte då koronaen kom. Det passa perfekt for Global Fish.

19.04.2021

I det Global Fish gjorde seg klar til å selje ut fisken frå vintersesongen 2020 og resten av fisken frå året før, kom den verdsomspennande koronapandemien.

Både Noreg og store deler av resten av verda stengde ned, og ein av reaksjonane i finansmarknaden var at kronekursen stupte.

For ei fiskeforeldingsbedrift som Global Fish, som sel makrell, sild og andre pelagiske fiskeslag til utlandet, var dette glimrande nytt. Svakare krone betyr at selskapet får att meir for fisken sin, utan at kundane ute må betale meir i sin valuta.

Frå minus til pluss
- Den uventa kronesvekkinga kom på eit svært gunstig tidspunkt for Global Flish , seier dagleg leiar og medeigar Geir Robin Hoddevik om valutakursutviklinga.

Til skilnad frå kvitfisk, som vart råka av at restaurantmarknaden krympa kraftig, vart etterspørselen etter pelagisk fisk lite påverka av koronaepidemien. Det var også positivt for Global Fish,

Konsernet, som har fabrikk i Florø og hovudkontor i Ålesund, gjekk frå eit lite underskot i 2019 til eit solid pluss i 2020 (sjå tabell).

Då kronekursen fall skaffa selskapet seg valutasikring for ein del av salet. Dessutan held kursen seg låg i storparten av våren slik at også det salet som ikkje var valutasikra, gav eit godt overskot for selskapet.

Global Fish as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter655512
Driftsresultat596
Resultat før skatt58-8
2021 blir ikkje like bra
Geir Robin Hoddevik

I eit normalår er det andre halvår som betyr mest økonomisk for Global Fish, men i fjor blei første halvår like bra som andre halvår.

-2021 blir ikkje like bra, seier Hoddevik om resultatet i år.

Utvidar fryselager
Global Fish planla eit fabrikk- og lagerbygg for pelagisk fisk (sild, makrell, kolmule og liknande fiskeslag) til mellom 250 og 270 millionar kroner i Egersund, men la vekk planane i februar 2018 etter at prisanslaget hadde passert 300 millionar kroner.

I staden tok selskapet over konkurrenten Pelagia sitt tidlegare anlegg i Florø, og investerte i nytt utstyr.

I år blir det investert meir, mellom 55 og 60 millionar kroner i eit nytt fryselager. Det utvidar frysekapasiteten med frå dagens sju tusen tonn til 19.000 tonn.

Konsernet sysselsette 65 årsverk i fjor og er eigd 60 prosent av Global Fish Holding (med Geir Robin Hoddevik, Jan Otto Hodddevik og Sigurd Teige som sentrale eigarar) og 40 prosent av Lofoten Viking (med Nergårdkonsernet som hovudaksjonær).

Publisert: 19.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 18.04.2021 22:50

Mer om