Salmon evolution kar byggetrinn 1 foto salmon evolution 11
STORE DIMENSJONAR: Karene som skal utgjere første byggetrinn ved Salmon Evolution sitt anlegg tok form i vår. Smolten skal dei får frå Kraft Laks i Volda. Foto: Salmon Evolution Foto: Salmon Evolution
Nytt

Kjøper smoltprodusent for 76,5 mill.

Salmon Evolution sikrar levering frå familieeigd Volda-bedrift.

Marius Rosbach
17.08.2021

Salmon Evolution kjøper smoltprodusenten Kraft Laks for 76,5 millionar kroner, ifølgje ei børsmelding seint måndag kveld.

Kraft Laks held til på Folkestad i Dalsfjorden og har vore i bransjen sidan 1995. Selskapet er eigd av selskapa Meg og Mine og Mest Mitt, som er eigd av Heltne-familien, med dagleg leiar Knut Endre Heltne som hovudeigar.

Held fram som dagleg leiar
– I Salmon Evolution har vi funne ein partnar som delar vår filosofi når det kjem til lakseoppdrett. For meg er det eig stort privilegium å gå saman med Salmon Evolution-teamet ved å halde fram som dagleg leiar i Kraft Laks, uttalar Knut Endre Heltne i børsmeldinga.

Han seier vidare at det blir spennande for familien å ta del i Salmon Evolution «sin spennande reise som aksjonærar».

Dekker smoltbehovet for trinn to
Kjøpssummen for 100 prosent av aksjane i Kraft Laks blir delvis betalt med aksjar i Salmon Evolution, og 35 millionar i eit kontantbeløp. Kraft Laks har allereie ein aksjepost i det børsnoterte oppdrettsselskapet.

Salmon Evolution bygger eit stort landbasert oppdrettsanlegg på Indre Harøy i Hustadvika kommune. Selskapet ser føre seg at smolten frå Kraft Laks skal dekke behovet deira for både første og andre byggetrinn på kjempeanlegget.

Gode resultat og meir kapasitet
Kraft Laks har levert svært gode økonomiske resultat dei siste åra. I 2018 og 2018 hadde dei ein driftsmargin på kring 30 prosent etter ein samla omsetning på drygt 57 millionar kroner.

Volda-selskapet har løyve på opptil fem millionar smolt årleg, men har i dag ein årleg produksjon på kring 1,8 millionar smolt, ifølgje børsmeldinga.

Podium

E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.

Det blir påpeika at naturforholda på produksjonsanlegget i Dalsfjorden har gode naturlege tilhøve med tilgang friskt vatn frå to elvar. Smoltanlegget har historie heilt tilbake til 1980-talet, og er i følgje selskapet vesentleg oppgradert og ombygd dei siste åra.

Publisert: 17.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 16.11.2021 09:05

Mer om