Skipsteknisk hans ove Holmøy inge brtil straume bjørn oscar kløvning foto kjetil 11
SKIPSINGENIØRAR: Hans Ove Holmøy (f.v.), Inge Bertil Straume og Bjørn-Oscar Kløvning i Skipsteknisk hadde eit godt år i fjor - trass halvert overskot. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Skipsdesignarar ser lysning i treg marknad

God lønnsemd for Skipsteknisk trass Russland-tap i fjor.

Marius Rosbach
01.08.2023

Etter eit jubelår i 2021 hadde Skipsteknisk-sjef Hans Ove Holmøy meir avmålte forventingar til 2022, som følgje av tap på Russland-kontraktar.

Trass om lag halvert overskot i fjor, viser rekneskapen framleis ei solid lønnsemd for skipsdesignselskapet.

Ei omsetning på knappe 163 millionar og eit overskot før skatt på 26 millionar kroner, gir ein resultatmargin på drygt 16 prosent i 2022 (sjå tabell under).

Skipsteknisk (konserntal)
Årsresultat (i mill kr)20222021
Driftsinntekter162,9169,1
Driftsresultat2352,9
Resultat før skatt26,556,9

– Større tregheit i marknaden
Krigen i Ukraina gir andre ringverknader enn tap av arbeid. Designselskapet registrerer at finansinstitusjonar er blitt meir forsiktige, og at det kjem auka garantikrav for å redusere ulike risikoar.

- Dette har ført til ein større tregheit i marknaden generelt, i forhold til å få nye kontraktar endeleg bekrefta og effektive, skriv leiinga i årsmeldinga for 2022.

Situasjonen har ført til at ordreboka er slankare i år enn tidlegare, fortel Skipsteknisk-sjef Hans Ove Holmøy til NETT NO.

– Vi ser at den tregheta har halde seg i første halvår. Men no er det ting som skjer, som gjer at vi er meir optimistiske for situasjonen framover, seier han.

Håpar på fiskeri og offshore-oppdrag
Sjølv om Ålesund-selskapet har gjort ulike oppdrag dei siste åra – som å teikne det store kabelskipet Nexans Aurora - har fiskefartøy vore hovudinntektskjelda.

Holmøy fortel at dei no jobbar på fleire hald med ting dei håpar vil gi konkrete oppdrag – og at det dreiar seg om «prosjekt som er fiskeri og offshorerelatert».

– Vi har nokre prosjekt, men er ikkje inne i noko rekordår på noko måte, seier Holmøy.

Usikker på valutaeffekt
Etter fleire magre år for norsk skipsbygging, lurer mange på om det er oppsving i vente. Og skipsdesignarane er gjerne først til å fange opp endringar i marknaden.

Holmøy meiner det framleis er usikkert om valutaeffekten vil vere nok til at fleire oppdrag går til norske byggeverft – men ser fleire positive signal.

– Vi har trur på at noko av det vi jobbar med no, skal hamne hos norske verft, legg han til.

Droppar utbytte i år
Eigenkapitalen i Skipsteknisk-konsernet var på 59 millionar ved utgangen av året, og selskapet hadde langsiktig gjeld på knappe 29 millionar kroner.

Etter at det blei teke eit rekordstort utbytte på 44 millionar etter 2021, vert det ikkje teke utbytte etter fjoråret.

I konsernet høyrer også dotterselskapet Skan El, som driv prosjektering av elektroinstallasjonar, samt det tyrkiske designselskapet Skipsteknisk Muhendislik.

Hovudaksjonærar er Hans Ove Holmøy og Bjørn Oscar Kløvning med knappe 28 prosent av aksjane kvar. Kjell Jarle Holmøy eig knappe 17 prosent, Robert Teige 15,0 prosent og Karstein Teige 12,5 prosent.

Publisert: 01.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.07.2023 22:07

Mer om