Håvard Remøy MMC
VEKST: MMC First Process veks raskt. Operasjonsdirektør Håvard Remøy har stor tru på lukka oppdrettstankar i norske fjordar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Sikrar seg endå meir plass

MMC First Process veks raskt, og sikrar seg no meir areal.

30.03.2022

- Vi har kjøpt ny tomt av kommunen. I første rekke er det for å dekke parkeringsbehovet, men også for å kunne vekse vidare i framtida.

Det sa operasjonsdirektør Håvard Remøy i MMC First Process under eit møte i Fosnavåg Shippingklubb måndag.

MMC First Process er mellom dei raskast veksande selskapa i regionen, både når det kjem til omsetning og talet på tilsette.

I fjor passerte selskapet ein milliard kroner i omsetning. Remøy sa at det ikkje stoppar der.

- Målsettinga er at vi skal bikke to milliardar i 2025.

Jobbar med store prosjekt
MMC First Process er marknadsleiande når det gjeld system til fiskebehandling.

No vert det satsa stort på landbasert oppdrett.

- Vi jobbar med eit titals prosjekt vi har god tru på at vi vil vinne, sa Remøy.

- Eitt slikt prosjekt er på 100-200 millionar kroner.

Diskuterer samarbeid
Remøy sa at han også hadde spesielt stor tru på ei ny satsing som er lukka merder i norske fjordar.

- Vi diskuterer no samarbeid med mulege aktørar. Det er ingen tvil om at dette er vegen vidare for oppdrett i fjordane.

I tillegg til kjøp av det nye arealet, er MMC First Process allereie i gang med ei utviding på Mjølstaneset i Herøy.

Her vert det no bygt 36 nye kontorplassar, her vert lageret utvida med 450 kvadratmeter, og i tillegg vert kantina oppgradert, ei kantine med plass til 96.

- Dette ser vi verkeleg fram til, sa Remøy.

Publisert: 30.03.2022 08:40

Sist oppdatert: 30.03.2022 08:44

Mer om