Ny storkontrakt for MMC First Process
Skal levere utstyr og system til Salmon Evolution sine komande anlegg.
MMC First Process og Salmon Evolution skal samarbeide om å utvikle "den optimale løsningen for fiskelogistikk på Salmon Evolutions fremtidige anlegg" skriv selskapa i ei pressemelding.
MMC lagar utstyr til oppdrett-og fiskeindustri.
MMC First Process er allereie leverandør av utstyr og system til første byggetrinn på Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Indre Harøy i Romsdal.
Planen er å slakte den første laksen frå anlegget neste år.
Ut i verda
Avtalen som dei to selskap fortel om i dag betyr at MMC First Process kan vekse ut i verda med Salmon Evolution.
Salmon Evolution skal bygge to trinn til av anlegget i Indre Harøy, har planar om fleire anlegg i Noreg og er i gang med si første satsing utanlands, i Korea.
Anerkjenning
"For selskapet og alle i MMC First Process er det en enorm anerkjennelse å bli en viktig samarbeidspartner for Salmon Evolution", seier dagleg leiar Petter Leon Fauske i pressemeldinga.
I følgje pressemeldinga opnar avtalen for eit samarbeid om utstyr og system både for landbaserte oppdrettanlegg og for vidareforedlingsanlegg.
Kontraktar på rekke og rad
Våren og sommaren har vore god for MMC First Process.
I mai i år fekk selskapet ein avtale om å levere utstyr og system til første byggetrinn av Salmon Evolution sitt anlegg i Indre Harøy.
I juni kom kontrakten om å levere utstyr og anlegg til brønnbåtreiarlaget Sølvtrans sine komande båtar. Reiarlaget sitt nybyggingsprogram er på 19 båtar.
Under Aqua Nor-messa i førre veke signerte MMC First Process ein avtale med Atlantic Sapphire om anlegg og utstyr til selskapet sine vidare utbyggingar av landsbasert anlegg i Florida.
Fleire folk
Nye kontraktar betyr også fleire jobbar.
I starten av 2021 lyste MMC First Process ut 31 nye jobbar.
Tidlegare i sommar sa selskapet at det ikke var no, og søkte etter enda fleire folk.
MMC First Process har kontor og anlegg på Digernesskiftet og i Herøy.
Selskapet er eigd av MMCfp Holding as, der investeringselskapet Credo Invest nr.17 eig 52,2 prosent av aksjane, First Process Holding (der Petter Leon Fauske er største aksjonær) 33,3 prosent, Credo I 13,3 prosent og Erle Invest (Leif Roger Gjelseth og familie) eig 10 prosent.
Publisert: 30.08.2021 09:35
Sist oppdatert: 12.10.2021 22:50