Klar for neste steg på Ljøen
Flakk håpar nytt luksushotell vil gi 30-40 heilårs arbeidsplassar. No er detaljreguleringa klar.
Flakk Gruppen har levert eit revidert forslag til detaljregulering for det nye luksushotellet på Ljøen ved Hellesylt. Det er jobba med planane i fleire år, og politikarane i Stranda vil truleg få saka på sitt bord i haust.
Hotellsatsinga på Ljøen var eigentleg meint å vere eit sokalla basecamp-hotell, men i løpet av prosessen er det snudd om på planane.
No ønsker Flakk å bygge basecamp-hotellet på «Grand Hotell»-tomta nede i Hellesylt, og eit luksushotell oppe på Ljøen.
– Det som ligg først i løypa til å bli realisert på Hellesylt er Basecamp-hotellet. Deretter kjem Ljøen etterpå, fortalde Flakk til NETT NO i vår.
Truleg 30-40 heilårsarbeidsplassar
Området for hotellet som er skissert med 25-30 rom i fleire mindre bygg ved i nærleiken av utkikkspunktet på fylkesveg 60.
Det er arkitektane i Snøhetta som har teikna hotellet, og prisen vil ligge «vesentleg høgare» enn normalt i den norske hotellmarknaden, heiter det i det reviderte planforslaget.
Prisklassen vil legge grunnlag for betydeleg verdiskaping og legge til rette for nye heilårsarbeidsplassar.
– Anslagsvis vil hotellet ha behov for 30-40 heiltidstilsette, skriv Flakk Gruppen i planen.
Vil bygge i naturstein og massivtre
Roma skal ligge separat og utformast individuelt. Målet er at gjestane skal få kjensla av å vere åleine i naturen.
Byggematerialet blir naturstein i kombinasjon med konstruksjonar av massivtre. Ein ønskjer å bruke minst mogleg betong og stål, og i staden bruke prefabrikterte trekonstuksjonar.
Bygga skal plasserast på baser av stein og følgje eksistarende terreng utan kjelleretasjer. Parkeringsanlegget vil vere integrert inn i landskapet, går det fram av planen.
Har teke ut Ljøsætra
Flakk Gruppen viser til at det er ulike intresser for området med
jordbruk og turistattraksjon på eine sida, og naturmangfald og arkeologi
på den andre sida.
I ei oppsummerande oversikt over konsekvensane, blir det konkludert med positive verknader på 16 av 21 områder. Det var også planar om ein «satellitt» oppe ved Ljøsætra for gjestane ved hotellet. Dette er teke ut av det nyaste forslaget, saman med garden Ljøbakken.
I tillegg til nye heilårs arbeidsplassar og servicefunksjonar i samband med hotelldrifta, vil satsinga bidra til å utvikle Ljøen som eit levande kulturlandskap med gardsdrift, aktivitetstursime og historieformidling, heiter det i planforslaget (ekstern lenke).
NETT NO har ikkje fått kontakt med Knut Flakk for ein kommentar.
Publisert: 11.10.2022 12:35
Sist oppdatert: 11.10.2022 12:47