Devold med nytt klesmerke
Maria Flakk fortalde om nysatsing på eksklusive ullkle.
Tradisjonsrike Devold lanserer eit nytt og eksklusivt klesmerke kalt O.A.D. Det kunne Maria Flakk fortelje då ho deltok på DNB sitt NXT 2022-arrangement på Pir-huset i Ålesund.
– Dette er mitt hjertebarn, fortalde Flakk og kunne avsløre at dei har jobba med satsinga i kring fem år.
Lanseringen av kolleksjonen som også har fleire «unisex»-plagg, skjer med opning av nettbutikk torsdag og Oslo-lansering neste veke.
Over 200 personar var påmeldt til DNB-arrangementet som har mål om å kople investorar og gründere – eller kapital og dei gode ideane - som det blei sagt frå scena på Pir.
Inspirert av Devold-historia
Maria Flakk skal
leie O.A.D.-selskapet som samarbeider med den italienske designaren
Olmes Caretti i arbeidet. Caretti er ekspert på ullkle og har
samarbeida med Devold sidan 1990-talet.
– Klea blir produsert i Italia, men vi har eit håp om igjen å kunne produsere i Norge, sa Flakk.
Namnet er henta frå grunnleggjaren Ole Andreas Devold. Blant plagga til O.A.D. er ein genser kalla «Blaatröiee», som er inspirert av ein av Devold sine første ullplagg på midten av 1850-talet.
Den gong blei ullplagga strikka så tett at dei kunne beskytte mot regn og vind ute på sjøen. Plagga er laga i 100 prosent norsk ull, men for å få gjere klea meir komfortable er det også brukt cashmere, mohair og anna mjukt materiale.
(saka held fram under)
Store hotell-investeringar
Flakk la vekt på at alle delar av verksemda - som inkluderer alt frå hydrogenselskap til Devoldfabrikken i Langevåg - skal vere berekraftig.
Ho fortalde om utvidingane ved Hotel Union Øye og Hotel Brosundet i Ålesund, der familien har investert fleire hundre millionar kroner dei siste åra. Den neste utvidelsen som står for tur, er Storfjord Hotel.
Flakk-familien er også i full gong med sitt første Oslo-prosjekt på naboeigedomen til slottet. Her er planen at dei skal utvikle hovedstadens første verkelege luksuriøse boutique-hotell.
(saka held fram under)
Teke over eigarskapet i Flakk-konsernet
Maria
Flakk og systera Erika har teke over eigarskapet i familiekonsernet i
løpet av dei siste åra.
Dei er begge involvert i verksemda – ikkje minst reiselivssatsinga som óg inkluderer fleire nye hotell på Sunnmøre dei komande åra.
Maria Flakk er marknadsdirektør i Flakk Gruppen og jobbar til dagleg i Ålesund. Systera Erika Flakk er no ferdigutdanna, og jobbar som prosjektleiar for hotellsatsinga i St. Olavs gate 32 i Oslo.
Publisert: 06.10.2022 12:41
Sist oppdatert: 06.10.2022 18:32