MS Huldra Foto C Hill Wikimedia Commons CC BY SA 3 0 NO
1974-BYGD FERJE: Passasjerferja MS Huldra har gått i rute i Oslofjorden i fleire tiår før den blei kjøpt av ålesundselskapet i fjor. Foto: C. Hill/Wikimedia Commons (CC BY-SA 3.0 NO)
Nytt

Konkurs for passasjerbåtselskap

Gir opp drifta av tidlegare Norled-ferje og melder oppbod.

Marius Rosbach
08.11.2022

Selskapet Huldra Maritime – eller Hmar som firmaet nyleg blei omdøypt til - har meldt oppbod til Møre og Romsdal tingrett.

Selskapet med adresse i Ålesund er registert å drive med kysttrafikk med passasjerar, men det har ikkje vore drift siste året, ifølgje årsrapporten for 2021.

Gjeld på kring 1,7 millionar
Ifølgje rettspapira opplyste selskapet i retten at gjelda er på kring 1,7 millionar. Det skal ikkje vere verdiar i buet.

Bustyrar er Erling Flisnes og første skiftesamling i saka er 19. desember.

Dagleg leiar Per-Christian B. Reite fortalde til Sunnmørsposten i fjor om planane for å drifte passasjerferja MS Huldra som var kjøpt inn frå reiarlaget Norled.

Terminerte utleigekontrakt
I årsrekneskapen for 2021 blir det opplyst at selskapet i mai i år inngjekk kontrakt om framleige av fartøyet til eit selskap som tilbyr sightseeingturar i Flåm.

Då rekneskapen blei levert i sommar hadde selskapet ikkje motteke betaling for leiga, og avtalen blei difor terminert. I årsrekneskapen for 2021 blir det óg vist til at eigenkapitalen nær er tapt.

Selskapet blei starta i 2015 med namnet Coastal Superyacht Services Norway.

Trengde kapital frå morselskapet
Styret skriv i årsrapporten at det er usikkerheit kring vidare drift, og at det er «åpenbart at man på kort sikt nå er avhengig av tilførsel av kapital fra morselskap for å kunne drive videre».

Det er morselskapet Reite Invest som er eigar av passasjerferja og Per-Christian B. Reite eig alle aksjane i begge selskapa.

Opplæringsselskap konkurs i sommar
Reite sine planar om å halde kurs i båtførarprøven om bord i den erverdige ferja frå 1974, fekk óg eit skot for baugen i sommar.

Då gjekk selskapet Maritime Kompetanse Norge konkurs – saman med fleire andre selskap i same konsern.

Publisert: 08.11.2022 20:01

Sist oppdatert: 09.11.2022 09:07

Mer om