Stener Kvinnsland
Professor Stener Kvinnsland har leidd arbeidet i koronakommisjonen. Rapporten blir lagd fram ei vekes tid etter påske. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK
Nytt

Koronakommisjonen er ferdig med arbeidet

Tysdag møtest koronakommisjonen for siste gong, og deretter går rapporten i trykken.

08.03.2021

NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal: Beskrivande nok blir det siste kommisjonsmøtet gjennomført digitalt.

– Vi hadde fysiske møte fram til oktober, men sidan digitale, seier kommisjonsleiar Stener Kvinnsland til NTB.

Den rutinerte helsetoppen fekk oppgåva med å leie gjennomgangen av korleis Noreg takla pandemien, ein kritisk gjennomgang av kor godt førebudd landet var, og korleis krisa vart handtert.

Den 14. april overleverer Kvinnsland rapporten til statsminister Erna Solberg (H).

Held tett
Kommisjonsleiaren er nøye på at innhaldet i rapporten ikkje skal komme ut på førehand. Det er regjeringa som oppdragsgivar som skal få tilgang til han først. Men ikkje eingong regjeringa får vite noko om kva rapporten inneheld, før framlegginga, ifølgje Kvinnsland.

– Det er så mange kompliserte problemstillingar. Dette er så gjennomgripande, det rekk over heile samfunnet og inn i alle krokar av folks liv. Då er det dumt viss det blir trekt konklusjonar på bakgrunn av opplysningar som er forskoterte, seier han.

Juss og krisepakkar ikkje med
Koronakommisjonen vart utnemnd 24. april i fjor. Erna Solberg hadde nokre veker før innført dei mest inngripande tiltaka Noreg har hatt i fredstid, men avgjerdene vart tekne med stor uvisse.

– Vi må sjå kva som har fungert godt, kva som ikkje har fungert, og også kva som kunne vore betre førebudd, sa statsministeren den gongen.

Mandatet var, kort sagt, å sjå på alle sider av korleis styresmaktene takla pandemien. Det er likevel to unntak: Kommisjonen skulle ikkje sjå på storleiken på den økonomiske kompensasjonen – altså krisepakkane – og ikkje vurdere forhold rundt straffansvar eller anna av rettsleg karakter.

Eit tema som har vore krevjande, er at ein framleis ikkje veit kva effekt dei ulike smittespreiingstiltaka har hatt. Kommisjonen har måtta ta omsyn til det i evalueringa av tiltaka.

– Det er ikkje noko enklare for oss enn for andre, medgir Kvinnsland.


Pandemien: Før og etter
Gjennomgangen kan grovt sett delast i to. Ein del handlar om beredskap og førebuingar før pandemien ramma, og ein del handlar om korleis krisa vart handtert, til dømes samarbeid, ansvarsfordeling og tiltak for å avgrense smittespreiinga.

Kommisjonen har òg sett på korleis pandemien har vore handtert i andre land som det er relevant å samanlikne Noreg med.

Kvinnsland vil ikkje kommentere i kva grad det er ein kritisk rapport han legg fram. Men han påpeikar at mandatet ber kommisjonen om å gå laus på oppgåva med eit kritisk blikk, og det har dei gjort.

Det blir òg lagt fram konkrete forslag til forbetringar for å styrkje beredskapen og krisehandteringa i framtida.

– Ein del av mandatet var å komme med tilrådingar, og det har vi gjort i den grad det er grunnlag for det, seier han.

Set strek
Avgrensing av arbeidet har vore ei av dei vanskelegaste vurderingane. Særleg sidan koronapandemien enno ikkje er over.

Kvinnsland meiner likevel at det er fornuftig at kommisjonen avsluttar arbeidet sitt no, som planlagt.

– Eg trur vi er best tente med det. Så kan ein eventuelt utnemne ei ny gransking eller ei tilleggsutgreiing seinare om det skulle vere behov for det, seier han.

Podium

E7/S1 Kjersti Kleven og Lene Trude Solheim om møteplassar for næringslivet i og etter korona.

Publisert: 08.03.2021 06:00

Sist oppdatert: 07.03.2021 20:20

Mer om