Kostnadane på bordet
Prisen for å nå det politiske fleirtalet sitt mål om store kutt i CO2-utslepp hadde vore greit å få på bordet.
ANALYSE:
Nyleg reiste Brødrene Aa-sjef Tor Øyvind Aa tvil om pengane for nye, utsleppsfrie hurtigbåtar nokon gong kjem på bordet.
Fylkespolitikar Kristin Sørheim (Sp) vil ha statlege pengar på bordet for å innfri kravet om at alle ferje- og hurtigbåtruter snart skal vere utsleppsfrie.
Knut Flakk baserte seg på at det skulle kome ei utsleppsfri hydrogenferje på Geirangerfjorden frå og med neste år, då det vart bestemt å starte hydrogenproduksjon i regi av selskapet Norwegian Hydrogen på Hellesylt.
Det einaste som førebels er sikkert er at byggestart for hydrogenanlegget på Hellesylt er like om hjørnet - og at kravet om utsleppsfri ferje er flytta til 2026. Føresetnadane for satsinga på Hellesylt har med andre ord endra seg undervegs.
Leiaren for energikommisjonen har i eit innlegg i Dagens Næringsliv bedt regjeringa vurdere å sette vindkraftsatsinga på pause, på grunn av kostnadsauken. Han fryktar eit subsidiesluk.
Det desse døma viser, er at det hadde vore ein fordel å fått ei grundig vurdering av kva det vil koste å nå måla om store kutt i CO2-utsleppa.
Det vil mellom anna tvinge fram ei politisk prioritering og avklaring om kva næringslivet kan rekne med av offentleg støtte - for å utvikle og investere i tiltak, teknologi og infrastruktur som må til for å redusere CO2-utslepp.
Det vil også tvinge fram ei avklaring om kva for offentlege kostnadar som eventuelt må ned for å finansiere tiltak for reduserte CO2-utslepp.
Hadde vindkraft og solkraft kombinert med batteri, hydrogen eller andre energiberarar vore økonomisk konkurransedyktig med kol, olje eller gass på kort sikt, hadde ei omlegging gått av seg sjølv.
Slik er det ikkje. Om ikkje det er politisk vilje til å forby eller fordyre bruk av fossile energikjelder så mykje at bruken går ned av den grunn, er alternativet å lokke med støtte for å skape den omlegginga som må til.
Det er, i alle fall i dag, ein ekstrakostnad knytt til bygging og/eller drift av skip og fartøy som brukar batteri, hydrogen eller andre energiberarar enn fartøy som brukar olje og diesel. Det same gjeld også for langtransport til lands, og framleis har batteridrivne elbilar lågare moms og andre avgifter enn bilar som går på bensin og diesel.
Flakk møtte olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) på Hellesylt denne veka, for å presentere planane og måla til Norwegian Hydrogen. Då understreka Flakk behovet for offentleg støtte til å utvikle teknologi, infrastruktur og ein marknad for hydrogen som energiberar.
Norwegian Hydrogen sitt anlegg på Hellesylt er delvis finansiert med offentlege midlar, fordi det er eit politisk mål å utvikle teknologi og marknad for bruk av hydrogen som energiberar.
Faren er at det kan bli eit døme på at kostnaden for å lukkast ikkje blei godt nok vurdert frå politisk hald, og at det ikkje er samsvar mellom måla om store CO2-utsleppskutt og prioriteringane som må til for å nå dei måla.
Sjansen er til stades for at det frå politisk hald blir tatt fram ei gamal oppskrift: Når det er klart for alle at ambisjonane om utsleppskutt ikkje blir nådd, blir fristen for å nå måla utsett - og ambisjonane auka.
Publisert: 28.05.2023 05:00
Sist oppdatert: 28.05.2023 01:02