Stein Aam foto Ogne
VIL HA ARBEIDSPLASSAR: Ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta håpar fabrikken til 3D Welding endar i Ørsta, som opphavleg planlagt.. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Leitar etter løysing for ny fabrikk

Ørsta-ordførar Stein Aam har brukt romjula for å finne ei løysing som sikrar fabrikketablering på kommunen sitt nye industriområde.

04.01.2022

Ørsta kommune har brukt 70-80 millionar kroner på å opparbeide eit 137 mål stort industriområde på Melsgjerdet, like aust for kommunesenteret.

Det nyetablerte selskapet 3D Welding skulle bli det første industriselskapet som flytta inn på området. Men dei siste kostnadsoverslaga for fabrikkbygget har fått selskapet til å vurdere etablering andre stadar på Nordvestlandet, for å halde husleigekostnadane nede.

Opphavleg trudde selskapet ein ny fabrikkbygning - som skal eigast og byggast av eit eige selskap - ville koste 40 millionar kroner, ikkje 50-60 millionar som dei siste kostnadsoverslaga viser.

Så langt er det interkommunale renovasjonsselskapet VØR det einaste selskapet som har har inngått avtale om å etablere seg på området. VØR legg beslag på omlag 30 mål.

Start i 2023
Går alt etter planen har selskapet 3D Welding ein fabrikk ferdig og produksjonsklar tidleg i 2023.

3D Welding har allereie to store kundar på plass, som gir selskapet 90 millionar kroner i årlege inntekter frå start.

Fabrikken blir høgt automatisert for å gjere gjere kutte- og sveisearbeid som i dag blir gjort i Aust-Europa og Kina - og konkurrere på pris.

Planen er å ha omlag 15 tilsette i første driftsår.

Ikkje medeigar
Det er arbeidsplassane og Ørsta sin posisjon som industrikommune som er motivet for at kommunen har engasjert seg i saka for å "finne ei løysing slik at dei greier å etablere 3D Welding på Melsgjerdet", seier Aam.

Aam seier ei løysing må skje i samspel med andre aktørar, for det er ikkje aktuelt for kommunen å gå inn på eigarsida i eigedomsselskapet, som skal bygge og eige bygget der 3D Welding skal vere leigetakar.

Aam håpar å ha ei avklaring på om det lukkast å finne ei løysing innan denne eller neste veke.

Fabrikkbygg i fanget
Både regelverk og økonomi står i vegen for at kommunen kan gå inn som medeigar i eit eigedomsselskap.

Kommunen var tidlegare medeigar i eigedomsselskapet som vart bygt for komfyrprodusenten Grepa.

Då Grepa flytta frå sitt opphavlege anlegg ved fjorden, der kjøpesenteret i Ørsta sentrum ligg i dag, var kommunen medeigar i det nye fabrikkbygget. Då Grepa flytta ut i 2008, etter knappe 10 år i bygget i 2008 og la ned produksjonen i Ørsta, vart lokalet ståande nesten tomt i årevis etterpå.

Publisert: 04.01.2022 06:00

Sist oppdatert: 03.01.2022 19:48