Edelgard foto matportalen no
TREKT: Sylte og ribberull-produkta må pluuast tilbake frå butikkhyllene. Foto: Matportalen.no
Nytt

Listeriafunn i kjøttprodukt

Sylte og ribberull frå Vestnes-produsent trekt frå marknaden. 

19.12.2022

(NPK-NTB): Sylte og ribberull frå produsenten Edelgard i Vestnes blir trekt frå marknaden etter funn av listeria. Produkta har vorte selde på Bunnpris-butikkar i Noreg.

– Forbrukarar som har kjøpt produktet med angitt forbruksdato og LOT-nummer, skal kaste produktet eller levere det tilbake til den næraste Bunnpris-butikken sin og få pengane tilbake, skriv Edelgard i ei pressemelding.

Butikkane er varsla
Dei aktuelle lotnummera er 22434 (sylte) og 22481 (ribberull), og siste forbruksdag er høvesvis 15.01.2023 og 07.01.2023. Butikkane som har fått produkta, er varsla.

Listeriabakteriar kan vere årsak til alvorleg sjukdom hos menneske, skriv Matportalen.

Personar med nedsett immunforsvar er spesielt utsette, og sjølv små smittedosar kan føre til sjukdom og i verste fall død hos eldre, nyfødde og personar med underliggjande sjukdommar. For gravide kan bakterien medføre abort.

Varer med lang haldbarheit utsett
Friske personar kan også bli sjuke av bakterien, men symptoma er normalt lettare, og dei toler noko større mengder av bakterien enn meir utsette personar.

I motsetning til dei fleste andre bakteriar som gir sjukdom hos menneske, veks listeriabakteriar ved kjøletemperatur. Matvarer med lang haldbarheitstid som blir etne utan vidare varmebehandling, er derfor risikoprodukt.

Publisert: 19.12.2022 22:25

Sist oppdatert: 19.12.2022 22:42

Mer om