Harald solberg IKKE GJENBRUK foto ntb npk
MANGE BLIR RAMMA: Harald Solberg er administrerande direktør i Noregs Rederiforbund. Mange norske reiarlag blir ramma av sanksjonane mot Russland. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Nytt

– Dette er så nær ein kan komme ein perfekt storm

Norske skip som blir ramma av sanksjonar er tema på årskonferansen til rederiforbundet.

24.03.2022

(NPK-NTB): Norske reiarlag jobbar for å vareta russiske og ukrainske sjøfolk som jobbar på norske skip. Samtidig blir næringa ramma av sanksjonane mot Russland.

– Vi er opptekne av å følgje sanksjonane og formålet med desse: Å ramme kontantstraumen til Putin-regimet, seier administrerande direktør Harald Solberg i Rederiforbundet.

Forbundet har torsdag årskonferansen sin, og konflikten i Europa bidreg til stor uvisse for medlemmene. Mange norske reiarlag har vedteke å ikkje ta nye laster til og frå Russland, også last som ikkje er sanksjonert.

– For næringa er det sjølvsagt ei utfordring, det er ein marknad som forsvinn. Det er ikkje kostnadsfritt på nokon måte, men det er ein konsekvens av at det er visse typar åtferd ein ikkje kan akseptere. Dette er ein forferdeleg krig, og han påverkar sjølvsagt samhandelen med Russland, seier Solberg.

Følg årskonferansen direkte frå klokka 12 (ekstern lenke)

Vanlegvis har norskkontrollerte skip rundt 1.300 hamneanløp i Russland. Dette talet er venta å bli kraftig redusert, men Solberg seier det er vanskeleg å gi konkrete anslag.

Ein perfekt storm
Rederiforbundet har ikkje motteke nokon meldingar om problem mellom russiske og ukrainske sjøfolk om bord på båtane.

Solberg er førebudd på at krigen kan bli langvarig og konsekvensane store. To år med koronapandemi har ført til ei allereie pressa verdikjede.

– Dette er så nær ein kan komme ein perfekt storm i mange marknader. Vi er på veg ut av ein pandemi som har ført til strekk i forsyningslinjene i verda. Det er store forseinkingar innan transport. Så kjem det ein krig på toppen av dette.

Krigen fører til at Europa vil jobbe for å gjere seg uavhengig av russisk olje og gass, noko som inneber moglegheiter for Noreg og fornybar energi, meiner Solberg.

– Særleg ligg det moglegheiter i havvind. Det meiner vi at Noreg må få ordentleg fart på.

Ikkje noko å komme heim til
Krigen får òg konsekvensar for mannskapa på norske skip. Om lag 2.000 russiske og 1.200 ukrainske sjøfolk jobbar i den norske flåten. Solberg understrekar at dei russiske sjøfolka blir rekna som ein uskuldig tredjepart og ikkje ansvarlege for Putins handlingar.

– Det er ikkje sånn at dei ikkje får jobbe, vi er opptekne av å vareta dei, seier han.

For dei ukrainske sjøfolka har det vore vanskeleg å komme seg heim til Ukraina.

– Blant dei som mønstrar av i europeiske hamner, er det mange som ikkje nødvendigvis har noko å reise heim til. Det er ein dramatisk situasjon.

Reiarlaga jobbar tett med å følgje opp og hjelpe dei som har behov.

– Det har gått ut ei oppmoding frå den ukrainske sjømannsorganisasjonen om at ukrainske sjøfolk som vil vere lengre om bord, får det. Det er ei oppmoding eg har inntrykk av at blir følgd opp, seier Solberg.

(©NPK)

Publisert: 24.03.2022 11:03

Sist oppdatert: 24.03.2022 11:03

Mer om