Skipsteknisk
SKIPSTEKNISK: Hans Ove Holmøy, Kjetil Nyvoll og Bjørn-Oscar Kløvning under Nor-Shipping på Lillestrøm. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Mange reiarar er i villreie om kva ein skal satse på

- Alle vil satse grønt, men vanskeleg å vite kva som er rette løysinga.

07.04.2022

Det seier Bjørn-Oscar Kløvning, salssjef for offshore i det Ålesund-baserte designselskapet Skipsteknisk.

Han trur at det på nytt vert bygt nye offshoreskip.

- Det er i ferd med å verte mangel på båtar innan enkelte område, spesielt innanfor IMR (inspection, maintainance, repair, red merk).

- Her er det i dag høgare rater enn i fornybarfeltet.

Vil ha nye og moderne fartøy
Designsjef Kjetil Nyvoll seier at det er stor aktivitet og mange forespørslar.

- Marknaden etterspør nye og moderne fartøy.

- Blant anna vil oljeselskapa ha mest muleg miljøvenlege fartøy.

Mange er usikre
Nyvoll seier samstundes at mange reiarar er usikre på kva slags løysing dei skal velje.

- Skal ein satse på batteri, ammoniakk, hydrogen eller metanol, eller skal ein framleis satse på diesel i kombinasjon med andre løysingar?

- Problemet er å vite no for dei som satsar på nybygg kva som er den beste løysinga om 20-30 år.

Skipsteknisk
GRØNT: Mange reiarar vil satse grønt, men mange er usikre på kva som er rette løysinga. Skipsteknisk har laga design for grøne løysingar for fiskefartøy, offshoreskip, kabelleggar og offshore vindfartøy. Skisse: Skipsteknisk

Må reknast "heim"
Kløvning og Nyvoll seier at mange reiarar slit med ‘å rekne heim’ det investeringar i ny grøn teknologi kostar.

- For å få fart på omstillinga må det vere kommersielt fornuftig, anten ved at ein får betre betalt for produkta, til dømes at fisk frå nullutsleppsbåtar vert betre betalt enn fisk frå andre båtar.

- Alternativt kan ein innføre negative inscentiv, til dømes gjennom auka utgifter på utslepp.

For spesialfartøy for offshore vind meiner han at batteri må vere den logiske hovedløysinga.

- Men då må ein få ladebøyer ved havvindinstallasjonane. Det er meiningslaust at havvindskip må gå til lands for å lade opp batteria.

Skipsteknisk har eit titals fiskebåtprosjekt på gang.

Ny forskingsbåt
I tillegg har ein to forskingsbåtprosjekt, der det eine er i sluttfasen. Det er eit nytt forskingsfartøy til Irland.

Det siste er eit forskingsfartøy til New Zealand, der det nyleg er avgjort at byggjeverftet vert Asterilleros Armon i spanske Vigo.

Dette siste forskingsfartøyet vert 36,10 meter langt, 9,50 meter breidt og vert innreidd for 15 personar.

Det er meiningslaust at havvindskip må gå til lands for å lade opp batteria
Karl-Oscar Kløvning
Bilde 2022 04 07 085801841
HEKKTRÅLAR: Skipsteknisk har utvikla design med ulike framdriftsløysingar, som ein hekktrålar som har ein kombinasjon av amoniakk, biodiesel og batteri. To norske reiarar vurderer denne løysinga. Skisse: Skipsteknisk

Nye løysingar
Skipsteknisk har samstundes utvikla fleire prospekt med ulike typer drivstoffløysingar.

Det eine er ein kombinasjon av metanol og diesel.

- Dette er det interesse for. Ved bruk av metanol kan CO2-utsleppa for eit fartøy potensielt reduserast med 90 prosent, seier Kløvning.

Eit anna prosjekt har løysinga hydrogen, biodiesel og batteri.

Norsk interesse
I tillegg har Skipsteknisk designet klart på ein 80 meter lang hekktrålar der framdriftsløysinga er ein kombinasjon av ammoniakk, biodiesel og batteri.

- Her er det to norske reiarar som er interesserte. Vi har god tru på at det vert kontrakt til slutt, seier Kløvning.

Han seier at sjølv om det er stort fokus på grøne løysingar, er det framleis avstand mellom mål og realisme.

- Blant anna er infrastrukturen for fleire av løysingane ikkje utbygt. Kanskje må ein akseptere at det ei tid framover vert brukt ein del diesel, og får ein til dømes ein utsleppsreduksjon på opp mot 90 prosent, så er det uansett eit langt steg framover.

Publisert: 07.04.2022 10:50

Sist oppdatert: 25.07.2022 11:08

Mer om