Mangel på oppdrag sette stopp for verftsleverandør
Bemanningsfirma hadde jobb ved fleire verft før tredje konkurs på tre år.
Det Larsnes-registrerte selskapet Bestteam som melde oppbod tidleg i mai, klarte ikkje å skaffe nok oppdrag – og tapte samtidig pengar på oppdrag.
Det ser ut til å vere forklaringa på kvifor selskapet med 27 tilsette gjekk konkurs, ifølgje opplysningar frå bustyrar Linda Brevik og selskapet sjølv.
– Selskapet har hatt polske gjestearbeidarar som har hatt arbeid ved norske verft. Dei har både hatt kontraktar med fastpris mot verftet og som underleverandør for verftet sin innreiingsleverandør, fortel Brevik til NETT NO.
Les også
Det var mindre arbeid og mindre pengar å betale utgiftene med, og slik auka underskotet
Underskotet auka med mindre oppdrag
I eit møte med bustyraren i førre veke, forklara leiinga at mangel på nye oppdrag er årsaka til at selskapet måtte melde oppbod.
Styreleiar Karol Myszk stadfestar til NETT NO at dei etter kvart fekk problem med å betale rekningane.
– Det var mindre arbeid og mindre pengar å betale utgiftene med, og slik auka underskotet, seier han.
I tillegg tapte dei på fleire oppdrag, som førte til oppbodet. Styreleiaren fortel at både han og dei 27 tilsette no står utan arbeid – og at han ikkje ønsker å starte ny drift.
Han fortel at dei ikkje fekk inn nye oppdrag som sikra arbeid på kort sikt, og difor bestemte seg for å avvikle selskapet.
Oppdrag ved fleire verft
Bestteam hadde to pågåande kontraktar ved Sletta Verft, som ikkje var avslutta då selskapet gjekk konkurs.
Styreleiaren fortel til NETT NO at dei var inne som underleverandør på Vestnes-verftet.
Selskapet har tidlegare hatt oppdrag ved Larsnes Mek Verkstad der dei også var underleverandør. I tillegg hadde dei tilsette fleire oppdrag nordpå i Tromsø og Bodø-traktene med røyrarbeid.
Les også
Fekk karantene etter førre konkurs
NETT NO omtala konkursopninga for bemanningsfirmaet 4. mai. På det tidspunktet var ikkje bustyrar orientert om saka.
Bestteam blei starta i kjølvatnet av ein tidlegare konkurs i selskapet Etprofessional. Same personar var óg involvert då eit tidlegare selskap gjekk konkurs i 2020.
Konkursane var mellom dei mest omfattande i regionen dei siste åra, og bustyraren i den siste saka var svært kritisk til forretningsdrifta. I etterkant fekk også styreleiaren for Etprofessional konkurskarantene.
Skattekrav utløyste konkursen
Bustyrar Linda Brevik fortel at rekneskapen i selskapet verkar å vere ført fortløpande. Krava frå skattestyresmaktene som førte til konkursen, stammar frå første termin i år og summerer seg til kring 500.000 kroner.
Dei samla krava er på nær 1,2 millionar, ifølgje rettspapira frå tingretten.
Selskapet har opplyst at det ikkje er eigedelar av verdi for buet, men at dei har uoppgjorte krav for oppdrag.
I det vidare arbeidet skal bustyraren gå gjennom økonomien i selskapet levere ein rapport til tingretten til første skiftesamling 13. juni.
Underskot i fjor
Dei 27 tilsette reiste på ferie til heimlandet før påske, og selskapet hadde berre hadde jobb til fem av dei etter ferien.
Det var ikkje drift på konkurstidspunktet, og dei 27 tilsette er oppsagde. Handtering av krav om lønn- og feriepengar, er óg ein del av buarbeidet bustyraren no skal i gong med.
Selskapet leverte nyleg årsrekneskapen for 2022, som viste ei omsetning på drygt 15,4 millionar kroner og eit underskott på om lag 1,65 millionar kroner. Oppstartsåret enda med eit overskot på 430.000 før skatt.
I årsrapporten påpeika styret at eigenkapitalen var tapt, og at dei vurderte å skyte inn meir kapital i selskapet. Vidare står det at styret ser lyst på framtida og jobbar vidare med å finne nye kundar.
Publisert: 16.05.2023 12:19
Sist oppdatert: 16.05.2023 12:19