rettssal illustrasjon foto marius 11
ÅLESUN: Tingretten i Ålesund opna onsdag den tredje konkursen på tre år, der same personar er involvert. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Tredje konkurs på tre år

Starta nytt firma etter tap på meir enn 20 millionar i fleire konkursar. Ligg an til nytt milliontap.

Marius Rosbach
04.05.2023

Møre og Romsdal tingrett opna onsdag konkurs i selskapet Bestteam med adresse på Larsnes i Sande.

Bustyrar i saka er Linda Brevik og første skiftesamling er planlagt 13. juni.

Firmaet blei starta i kjølvatnet av ein anna konkurs som enda med tap på nær ti millionar kroner. Saka var ei av dei største konkursane på Nordvestlandet dei siste åra.

Det høyrer med til historia at dei same personane stod bak eit anna selskap - D.k.s. Ship Interior - som gjekk konkurs eit drygt år i våren 2020. I den saka var tapa på drygt 12 millionar kroner.

Starta opp etter anna konkurs
Eigarane av det førre selskapet, Etprofessional, er dei same som starta opp det nye selskapet Bestteam i slutten av oktober 2021.

Den eine av eigarane som óg var styreleiar, fekk konkurskarantene i etterkant av Etprofessional-konkursen. Han gjekk då ut av rolla si i det nye selskapet, men har halde fram som eigar.

I sin første rapport etter konkursen i Etprofessional skreiv bustyrar Jørund Knardal at det «synest som ein gjentakande konkurs, og der det framstår som selskapa kvittar seg med gjeld for deretter å drive vidare i nytt selskap».

Hadde 27 tilsette og milliongjeld
Då Bestteam starta opp vart dei tilsette frå det førre selskapet tilbod om jobb i det nye. Selskapet er registrert å drive med reparasjon og vedlikehald av skip og båtar.

Sande-selskapet som no er konkurs har opparbeida seg ei gjeld på nær 1,2 millionar kroner. Verdiane i firmaet er summert til kring 138.000 kroner, ifølgje rettspapira.

Verksemda var innstilt før leiinga melde oppbod og selskapet hadde då 27 tilsette.

Underskot og tapt eigenkapital
Firmaet hadde ei omsetning på drygt 15,4 millionar kroner i 2022, som var det første heile driftsåret etter oppstarten.

Rekneskapen enda det året med eit underskott på om lag 1,65 millionar kroner. Ved utgangen av 2022 skulda selskapet kring 1,4 millionar i offentlege utgifter – der om lag ein halv million gjaldt skatt. Den samla gjelda på det tidspunktet var på 3,7 millionar kroner.

I årsrapporten påpeiker styret at eigenkapitalen er tapt, og at dei vurderer å skyte inn meir kapital i selskapet. Vidare står det at styret ser lyst på framtida og jobbar vidare med å finne nye kundar.

Publisert: 04.05.2023 09:26

Sist oppdatert: 05.05.2023 00:10

Mer om