I realiteten er det amerikanske American Industrial Partners som kontrollerer krillkonsesjonane til Aker Qrill Company, meiner Rimfrost.
Rimfrost sitt syn er at salet av deler av verksemda i Aker Biomarine er ei brot på deltakarlova, som seier at retten til å fiske på norske kvotar skal vere kontrollert av norske eigarar.
Det er ikkje tilfelle når det gjeld Aker Qrill Company etter at American Industrial Partners kom inn på eigarsida. Slik argumenterer Rimfrost i ein presentasjon som vart lagt fram i samband med eit møte statsekretær Kristina Sigurdsdottir Hansen i Nærings og Fiskeridepartementet nyleg.
Slik argumenterer Rimfrost i presentasjonen:
"Aker har i sin søknad av 28. juni 2024 hevdet at nasjonalitetskravet er oppfylt så lenge Kjell Inge Røkke fortsatt kontrollerer A-aksjene (60%) i selskapet. B-aksjene (40%) eies av selskapet Aker Biomarine Antarctic Holding II AS som kontrolleres med 60% av det amerikanske selskapet American Industrial Partners. A-aksjene har kun rett på en fast «rente» på sin investering, mens B-aksjene har den resterende økonomiske interessen. Dette er i motstrid til formålet bak nasjonalitetskravet, som skal bidra til at inntektene fra norske fiskerier kommer norske statsborgere til gode. B-aksjene skal til enhver tid ha rett til å utpeke halvparten av styrets medlemmer og styrets leder. Ved stemmelikhet i styrebehandling fremgår det av aksjeloven § 6-25 at styreleder har dobbeltstemme. Med dette har også B-aksjene kontroll i styret
I eit intervju med Aker Qrill Company-sjef Webjørn Barstad onsdag 8. januar 2025 ville han vil ikkje kommentere diskusjonen og uroa om det utanlandske medeigarskapet, ut over at det er organisert etter ein modell som har vore i bruk og godkjent av norske styresmakter i fleire år.
Krev omgjering av godkjenning
Rimfrosts meining er at Fiskeridirektoratet tok feil då Aker fekk klarsignal til salet og at salet er i strid med deltakarlova. Difor må Nærings- og Fiskeridepartementet gjere om godkjenninga Fiskeridirektoratet gav.
Striden om krillkonsesjonane handlar og om krillfartøyet Rimfrost skulle få bygd for å fiske på Rimfrost sine krillkonsesjonar i Antarktis. Det skipet skulel forlengst vere i fiske, har ikkje kome lenger enn til å vere eit ferdig skrog som ligg ved Tersan Shipyard i Tyrkia. Rimfrost og Westcon - som skulle utruste og gjere fedig skipet - strides om ansvaret for at kontrakten med Tersan vart kansellert, og skroget har lenge vore til sals.
Åtvarar mot monopolsituasjon
Tidlegare i år melde Aker Qrill Company at dei har kjøpt skroget, og skal få det bygd om for å fiske på Aker Qrill sine konsesjonar.
Det er også tema i presentasjonen Rimfrost held for statssekteræren.
Om dei lukkast med å overta krilltrålaren Rimfrost starta å bygge, vil Aker-selskapet i praksis få monopol på dette fiske dei neste åra, seier Rimfrost.
Krev at Aker Qrill Company får avslag
Herøy-reiarlaget ber difor styresmaktene seie nei til at ervervsløyve frå Aker Qrill Company kan nyttast på Rimfrost-skipet – og sette ned foten for at skipet kan nyttast i samband med Aker sin fjerde konsesjon til å fiske krill.
Rimfrost har finansiering til å overta og få bygd skipet ferdig. Om Aker Qrill Company får ervervstillatelsen selskapet treng "vil Rimfrost være forhindret i overskuelig fremtid fra å kunne ta i bruk sine konsesjoner", seier Rimfrost i presentasjonen.
Rimfrost-eigar Stig Remøy stadfestar i ein sms til Nett No at dei har hatt eit møte med politisk leiing i departementet.
«Vi oppfattet at departementet har god innsikt i saken og at man jobber grundig med å belyse både Akers salg av norske krillkonsesjoner og spørsmål knyttet til Akers kjøp av vårt skip i Tersan. Vi har tillit til at norske myndigheter vil følge deltakerlovens bestemmelser og også vil gjøre nødvendige tiltak for å ivareta et mangfold av aktører og teknologier for krillfangst i Antarktis».
Remøy ønska ikkje å svare på Nett No sine oppfølgingsspørsmål om saka.
Aker Qrill Company-sjef Webjørn Barstad har ikkje nokon kommentarar til Rimfrost sine påstandar.
Men han gjentek det selskapet har opplyst tidlegare om det amerikanske eigarskapen: «Dette er organisert etter en modell som har vært i bruk og godkjent av norske myndigheter i flere år».
Publisert: 31.01.2025 11:03
Sist oppdatert: 31.01.2025 12:40