Bilde 1 HAV 588 L
KONTRAKT: Ny kontrakt for Hav Design og Norwegian Electric Systems på ein tyrkiabygd brønnbåt for Frøy AS. SKISSE: Hav design.
Nytt

Meiner dette vert verdas mest miljøvenlege brønnbåt

Ny kontrakt for Hav Design, som meiner båten får verdas lågaste klima- og miljøavtrykk per kilo frakta laks.

06.04.2021

Brønnbåten er kontrahert av Frøy AS, skal byggjast ved Cemre-verftet i Tyrkia og skal etter levering i arbeid for Cermaq.

- Vi kuttar energiforbruket kraftig om bord i skipet. Og når vi i tillegg kan frakte meir fisk på tankane – fisk som attpåtil har betre fiskevelferd – så tør vi seie at dette blir den brønnbåten i verda med lavaste klima- og miljøavtrykk per kilo frakta laks.

Det seier senior designer Kjetil Myren i Hav Design, i ei pressemelding tysdag.

Sylindriske tankar
Han løftar fram samspelet mellom energieffektivt skrog, energidesign om bord og dei sylindriske tankane som gjer at ein kan frakte meir fisk per kubikk.

Hav design opplyser at det nye designet er ei vidareføring av Havtrans-serien der ein har opparbeidd seg stor kompetanse på brønnbåt-design med sylindriske tankar etter å ha levert seks slike design sidan 2014.

Denne gongen er designet utvida og kapasiteten er nesten dobla opp til eit tankvolum på 6.000 kubikkmeter fordelt på fire sylindriske tankar.

I pressemeldinga blir det opplyst at fartøyet er utvikla i nært samarbeid med Frøy og Cermaq. Cermaq har hatt «Steigen», eit av skipa i Havtrans-serien, i arbeid i fleire år og har erfart at fisken kan stå tettare med lågare stressnivå og oksygenforbruk enn i konvensjonelle tanksystem.

- Med sylindriske tankar kan vi frakte meir fisk samtidig som fiskevelferda er betre, seier Frode Holmvaag i Cermaq.

600 tonn laks i timen
I tillegg til større lastekapasitet får også det nye designet større dekksplass til mellom anna avlusingsutstyr. Hydrolicer-anlegget vert rekordstort og kan behandle 600 tonn laks i timen, og anlegget for produksjon av ferskvatn til behandling av fisk kan produsere 6.000 tonn ferskvatn i døgnet.

Sorteringskapasiteten er stor og lukka system for smittefri transport av store fiskemengder er sjølvsagt på plass.

Det blir også vist til at energiproduksjonen om bord er basert på eit DC-anlegg med batteri og generatorar som køyrer på variabelt turtal.

Anlegget skal leverast frå Norwegian Electric Systems (NES) og Geir Larsen, administrerande direktør i NES, seier at dette gir lavare drivstoff-forbruk for kvar kWt som blir produsert i tillegg til at det blir mindre støy.

90 millionar kroner
I pressemeldinga blir det også vist til at skipet er klargjort for bruk av klimanøytralt biodrivstoff i tillegg til at batteripakken om bord i kombinasjon med stor landstraumskapasitet gjer at ein kan operere større delar av tiden på grøn, fornybar energi.

NES leverer i tillegg integrert bruløysing der dei i samarbeid med kunde har vidareutvikla brudesign og arbeidsstasjonar med basis i NES sin Raven INS, og utstyrt bru med dynamisk posisjoneringssystem.

For Hav Design og NES utgjer kontrakta ein samla verdi på i overkant av 90 millionar kroner.

Publisert: 06.04.2021 13:06

Sist oppdatert: 06.04.2021 13:41

Mer om