Krev karantene og koplar inn politiet
Drivarane av Larsnes-firma har på kort tid påført kreditorar tap på meir enn 20 millionar.
Måndag var første skiftesamling i Møre og Romsdal tingrett i konkurssaka etter selskapet Etprofessional. Då hadde også bustyrar Jørund Knardal klar ein mellombels rapport til tingretten.
Rapporten avdekker fleire kritikkverdige forhold kring drifta av selskapet som har leigd ut polsk arbeidskraft til den maritime industrien. Dei samla krava etter konkursen er no oppe i 8,4 millionar kroner.
Framleis færre konkursar
Mange ekspertar har i lengre tid frykta ei konkursbølgje, mellom anna fordi mange bedrifter har utsett offentlege utgifter.
Ein knapp månad for året er slutt, peiker konkurstala likevel nedover samanlikna med dei siste åra.
Så langt i år er det opna 121 konkurssaker i Møre og Romsdal. Det er nær 30 prosent færre enn i førre «normalår» 2019.
Då var det opna 169 konkursar i starten av desember. Tilsvarande tal i fjor var 158.
Mistenker fleire straffbare forhold
Etprofessional hadde 60 tilsette då firmaet gjekk konkurs. Oppdraga har vore snekkar, isolerings- og blekkslagararbeid.
Firmaet har vore underleverandør til andre firma, og arbeidarane har vore i jobb ved tre verft, Larsnes Mek Verksted, Fitjar Mekaniske Verksted og Sletta verft i Trøndelag.
Bustyraren skriv at buet vil melde frå om fleire moglege straffbare forhold til politiet og Skatteetaten. Mellom anna gjeld det manglande betaling av skatt og arbeidsgjevaravgift.
Knardal meiner at styreleiar og dagleg leiar Radoslaw Kolodzinksi bør få konkurskarantene. I tilfelle vil han få forbod mot å engasjere seg i forretningsverksemd i ei viss periode.
Det framstår som selskapa kvittar seg med gjeld for deretter å drive vidare i nytt selskap
Stor gjeld etter 2020-konkurs
Bakgrunnen for at bustyraren konkluderer slik, er at dei tre styremedlemmane også dreiv selskapet D.K.S. Ship Interior, som gjekk konkurs i mai 2020.
Også dette selskapet dreiv utleige av arbeidskraft frå Polen, og fekk krav mot seg på drygt 12,3 millionar kroner i samband med den tidlegare konkursen. Berre eit drygt år seinare, gjekk drivarane på nytt konkurs.
– Konkursen i Etprofessional synest som ein gjentakande konkurs, og der det framstår som selskapa kvittar seg med gjeld for deretter å drive vidare i nytt selskap, heiter det i rapporten frå advokat Knardal.
Nytt selskap - same tilsette og oppdragsgjevar
Bustyraren påpeiker at eigarane etter den siste konkursen, tilsette
arbeidstakarane i eit nytt selskap kalla Bestteam. Som NETT NO omtala
førre veke, inngjekk dette selskapet også ny kontrakt med Molde-firmaet R
& M Ship Interior.
Etprofessional-arbeidarane blei med ein gong tilsett i det nye selskapet, som er registrert å drive med rehabilitering av skip og liknande. Adressa på Larsnes er den same som før – men ifølgje bustyrar har dei ikkje eigne lokalar. Arbeidarane har brukt utstyr og arbeidstøy frå oppdragsgjevaren i R & M.
Buet har kravd Molde-selskapet for nær 1,4 millionar kroner som dei skal ha hatt til gode hos oppdragsgjevaren. R & M har på si side kome med eit motkrav på kring 2,1 millionar, mellom anna for auka kostnader for avbrot ved pågåande kontraktar, garantiansvar og dagbøter.
Koronabrems frå starten
Eigarane har opplyst at årsaka til konkursen var at selskapet fekk problem med å skaffe tilsette frå Polen, etter at koronastriksjonane blei sett i verk. Det skjedde i mars 2020 – på same tid som Larsnes-selskapet inngjekk sine første kontraktar.
Bustyrar påpeiker eigenkapitalen var tapt var utgangen av 2020, og underskottet då var oppe i meir enn 2,5 millionar kroner. Likevel gjekk drifta føre seg heilt til oktober i år.
Mykje av arbeidet til bustyrar har dreia seg om å handtere oppseiingar, i tillegg til lønn- og feriepengekrav frå dei tilsette. Til saman er det registrert 122 tilsette i selskapet som blei starta i 2019.
Publisert: 07.12.2021 10:52
Sist oppdatert: 07.12.2021 11:19