Stormfuglen lagmannsretten fv Kenneth Steffensen Ulf Sørdal Eva Toril Strand Dagny Elisabeth Strand Bachman foto Ogne
NY RUNDE: I bakgrunnen frå venstre, Kenneth Steffensen og Ulf Sørdal frå advokatselskapet Sands, fiskebåtreiar Eva Toril Strand og hennar søster Dagny Elisabeth Strand Bachmann. I forgrunnen. Ola Haugen frå advokatselskapet Wikborg Rein. Han representerer Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Striden om Stormfuglen: Meiner tingretten tok feil

Tynn og ufundert erstatningsutmåling seier advokaten til Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll om dommen frå tingretten.

15.01.2024

I mars 2023 vart skipsmeklarselskapet Atlantic Marine i Ålesund og skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll dømt til å betale høvesvis 14 og tre millionar kroner i erstatning til selskapet Stormfuglen Holding.

Måndag starta ankesaka i lagmannsretten. Det er sett av fem dagar til saka.

Bakgrunnen for erstatningssaka er salet av fiskebåten Stormfuglen, som var eigd av eit selskap med same namn. Selskapet Stormfuglen var eit datterselskap av Stormfuglen Holding, som i sin tur er eigd av fiskebåtreiar Eva Toril Strand og hennar søster Dagny Elisabeth Strand Bachman.

Grunnen til at retten meiner Nyvoll/Atlantic Marine skal betale erstatning, var ikkje at prisen var for låg, men fordi mangelfull rådgiving i måten salet vart avtalt gjort.

Det gjorde at Strand-søstrene fekk mindre att enn dei kunne fått, ifølgje dommen.

Meiner tingretten tok feil
I tingretten var Atlantic Marine og Nyvoll representerert av advokatselskapet Adviso.

I lagmannsretten er dei representert av Ola Haugen i advokatselskapet Wikborg Rein og advokat Jørgen Stubberud.

Haugen meiner dommen frå tingretten er feil.

«Eit dramatisk eksempel på tynn og ufunderte erstatningsutmåling», seier han om dommen til tingretten.

Ifølgje Haugen godtok først Eva Toril Strand bodet på 320 millionar kroner for båt og kvotar, eit såkalla innmatsal. Deretter vart det forhandla fram ein avtale om at salet heller skulle skje som ei aksjesal der kjøparane kjøpte aksjeselskapet i staden for båt og kvote direkte - til 270 millionar kroner.

Eit såkalla aksjesal er skattemessig gunstigare for seljaren og ei skattemessig ulempe for kjøparen. At eit aksjesal gir ein lågare pris er vanleg og rasjonelt, ifølgje Haugen sitt innnleiingforedrag i retten.

- Det er ikkje slik at ein gir aksjerabatt utan å få noko igjen, sa han.

Etterlyser fleire kjøparar
Ifølgje Haugen sitt innlegg starta konflikten mellom Stormfuglen Holding og Atlantic Marine/Kåre Sindre Nyvoll med usemje om meklarhonoraret for fartøyet Stormfuglen og tilhøyrande fiskekvotar.

Kravet var 3,2 millionar kroner, Stormfuglen Holding ville betale 1,35 millionar.

Haugen meiner det ikkje er grunnlag for å seie at Atlantic Marine kunne fått ein høgare pris for fartøy og kvotar våren/forsommaren 2020, då dei vart selde.

Han meiner motparten snur bevisbyrda i sin argumentasjon og etterlyser andre som var aktuelle kjøparar av Stormfuglen.

- Det er ikkje Atlantic Marine sitt ansvar å bevise at det ikkje var andre kjøparar, sa Haugen.

Publisert: 15.01.2024 12:00

Sist oppdatert: 16.01.2024 09:38

Mer om