It infinity foto vard 11
OMBYGGING: Vard sikra seg nyleg oppdraget med å bygge om den tidlegare Volstad Princess-PSV-en til eit kabelskip for canadiske eigarar. Foto: Vard .
Nytt

– Meir vanskeleg å realisere prosjekt frå norske reiarar

Vard-leiar i ettermarknaden meiner utanlandske kundar har betre villkår.

Marius Rosbach
26.03.2024

Måndag fortalde NETT NO om Vard Services som har fylt opp ordreboka med ein rekke oppdrag i ettermarknaden.

Sjølv om aktiviteten er høg, er det ofte krevjande å lande oppdrag frå norske kundar, grunna ulike økonomiske reknestykke fortel senior vice president Wilhelm Eggesbø.

– Det er meir vanskeleg å realisere prosjekt frå norske reiarar fordi dei ikkje har dei sama vilkåra som utanlandske aktørar, seier han til NETT NO.

– Eit heilt anna økonomisk bilde
Ein av dei store drivarane for aktiviteten er reiarlag som vil bygge om skip frå oljeservice til havvindmarknaden.

Eggesbø opplever at det er stor interesse frå norske kundar, for å nytte av eldre tonnasje på nye måtar, men at det er krevjande å lande oppdraga.

Nyleg sikra Vard seg jobben med å bygge om tidlegare Volstad Princess frå PSV til eit kabelskip på oppdrag for dei canadiske eigarane i International Telecom Marine SRL.

– Det er eit heilt anna økonomisk bilde for dei, enn for eit norsk selskap, seier Eggesbø.

Det er eit heilt anna økonomisk bilde for dei, enn for eit norsk selskap
Wilhelm Eggesbø

Skeptisk til støtte for bygging i utlandet
Vard-leiaren meiner utanlandske aktørar både har meir gunstige skattereglar og ordningar for finansiering.

Eit eksempel er at norske eigarar har fått auka skattebyrda under Støre-regjeringa, medan utanlandske eigarar slepp å betale formuesskatt.

Eggesbø stiller også spørsmål ved måten pengestøtte frå det norske verkemiddelapparatet blir bruk. Så lenge fartøyet skal trafikkere norske farvatn og det er noko utstyr frå norske leverandørar om bord, spelar det mindre rolle at reiaren held til i utlandet, eller fartøya blir bygd i eit anna land.

– Det er flott for selskap som driv sal av enkeltprodukt, eller komponentar, men ikkje for den norske maritime klynga, seier han.

Fryktar stagnering i teknologiutviklinga
Eggesbø meiner det kunne vore stilt krav til ein viss del norske leverandørar, eller bygging i Norge, for å få tilgang til støtteordningane frå norske styresmakter.

Målet meiner han må vere at det blir bygd skip ved norske verft i framtida.

– Ved å framleis bygge skip i Norge, held vi kompetansenivået vårt oppe. Om alt blir bygd i Kina, så stagnerer teknologiutviklinga her heime, seier Eggesbø.

– Eit felles ansvar
Vard-leiaren peiker på at ein rekke nyvinningar i leverandørindustrien opp gjennom åra, har vore utvikla i samarbeid ved norske verft.

– Vi har eit felles ansvar for at heile verdikjeda blir teke vare på i Norge, seier han.

Eggesbø meiner oppdrag som Vard Services har sikra seg i ettermarknaden, også er viktige for å halde på kompetansen i industrien her heime, i ein situasjon der skrogbygging i hovudsak skjer utomlands.

– Gjennom vedlikehaldsoppdrag og ombyggingar er vi med å sikre stålkompetansen ved dei norske verfta, seier han.

Publisert: 26.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 26.03.2024 14:33

Mer om