Milliardminus i Havila Holding
Havila Holding-konsernet skreiv ned skipsverdiar med 893 millionar kroner i fjor.
Nedskrivingane i det børsnoterte datterselskapet Havila Shipping, på 783, millionar kroner, utgjer hovudtyngda i nedskrivinga av skipsverdiane på i alt 893 millionar kroner i Havila Holding-konsernet i 2020.
Les også
Havila Holding er eigd av Per Sævik og barna, og er eigar i offshorereiarlag, Kystruten, Fjord1, reiselivsbedrifter, skipsbygging, eigedom og skipsutstyr og -teknologi.
Strid etter Kystruten-bygging
Etter at Havila Holding-selskapet Havila Kystruten fekk avtalen om å drive gods- og passasjerruta mellom Kirkenes og Bergen saman med konkurrenten Hurtigrutne bestilte selskape fire skip, to av dei hos det spanske verftet Hijos de J. Barreras.
Barrerast kansellerte kontrakta 24. november 2019, ei kansellering Havila Kystruten meiner Barreras ikkje hadde rett til.
Forskotsbetalinga på 354,4 millionar kroner har Havila Kystruten gått til søksmål for å få tilbake, går det fram av årsmeldinga til Havila Holding for 2020. Søkmålet er retta mot garantisten.
Havila Holding eig 33,34 prosent av Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Havila Holding as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 4528,8 | 4137,0 |
Driftsresultat | -414,7 | 460,8 |
Resultat før skatt | -1193,5 | -324,8 |
Publisert: 27.10.2021 20:10
Sist oppdatert: 27.10.2021 21:02