Minnemarkering Trebaatfestivalen foto 11
TRAGEDIE: Tjørvåg-skuta Pels med 14 mann om bord var ei av fem skuter som forsvann i Vestisen i 1952. No skal tragdien minnast. Foto: Ishavsmusset Aarvak
Nytt

Minnast tragedien i Vestisen

I april 1952 forsvann fem skuter sporlaust i Vestisen, og 79 mann omkom.

17.07.2022

Under Trebaatfestivalen skal tragedien minnast i Sjøborg Kulturhus i Ulsteinvik 18. august, opplyser festivalen i ei pressemelding.

Av dei fem skutene som forsvann var Vartdalskuta Buskø med 20 mann, og Tjørvågskuta Pels med 14 mann. Mange var ungdomar, og gjennomsnittsalderen var vel 30 år. 46 kvinner vart enker og 98 umyndige born miste faren sin i tragedien for 70 år sidan.

Under minnemarkeringa deltek Ulstein Mannskor med Robert Skeide, som har tonesett fleire dikt. Med er også Ståle Røyset, Ole, sande, Knut Arne Høyvik, Live Nilsvik, Elias Warholm og forteljaren Gunnar Myklebust.

Miste oldefaren sin
Elias Warholm Nærø mista oldefaren sin I orkanen. Han var andreskipper på Pels, og vart vart berre 30 år gamal.

Knut Arne Høyvik sin far hadde fått tilbod om å vere med Pels på denne siste turen, men hadde takka nei.

Ishavsmusset Aarvak I Brandal har skrive mykje om denne tragedien, som skjedde i påskedagane frå 2. til 6. april 1952. Ute var det ned mot 30 minusgrader.

Dette året var det 53 norske fangstskuter i Vestisen mellom Grønland og jan Mayen. Dei skutene som forsvann var Brattind, Ringsel og Vårglimt frå Troms, i tillegg til sunnmørsskutene Buskø og Pels.

Ingen vrakgods
Aarvak skriv at ved dei fleste forlis vil ein vanlegvis finne mykje vrakgods. 10 båtar burde vere sette på vatnet. Her vart det aldri gjort funn som bevisleg kunne førast attende til dei fem skutene. Ingen av dei sende ut naudmelding over radio.

Les meir her

Heller ikkje i dag veit ein sikkert kva som hende.

Sjølv om skutene i 1952 var større, sterkare bygde og utrusta med større maskiner enn skutene var i 1917-katastrofen, så greidde dei ikkje stå mot naturkreftene då orkanen løyste seg.

I 1917 forsvann sju fangstskuter og 80 mann omkom, inkludert frå Ålesund-skutene Admiralen og Arctic.

Innleiarar
INNLEIARAR: Frå venstre forteljar Gunnar Myklebust, Knut Arne Høyvik og Johannes Alme. Høyvik og Alme er ansvarleg for manus til minnemarkeringa. Foto: Trebaatfestivalen

Nord for Island
Men i 1952 hadde dei også fått om bord radiotelefon, men ingen av skutene som forliste, melde frå om vanskar av noko slag.

Aarvak fortel at då uvêret kom om ettermiddagen onsdag 2. april, var Pels», Buskø og dei andre skutene som forliste, langt sør og vest på feltet. Dei var rett nord for Island. Den nøyaktige posisjonen er ikkje kjend. Men forskaren Per Øynes som var med Brandal, har rekna ut at posisjonen deira var 68 grader 30 minutt nordleg breidde, 19 grader vestleg lengde. Det er heile fire breiddegrader lenger sør enn posisjonen til Brandal, Flemsøy og dei andre skutene nordaust om Jan Mayen, og som klarde seg gjennom orkanen.

Stor leiteaksjon
Leiteaksjonen starta onsdag 9. april. Då gjekk to amerikanske fly på vengene frå Keflavik-basen på Island. Dei leitte i eit nærare angitt område; utan resultat. Leitinga heldt fram med fly, selfangstskuter og marinebåtar. Ingenting var å finne. Langs med strendene på Aust-Grønland søkte sledepatruljar etter vrakgods. Mannskap leitte i fjøresteinane på Island. Resultatet var negativt.

Det var ikkje råd å drage andre konklusjonar enn at dei fem skutene og mennene om bord var vekke for alltid, skriv Aarvak.

Publisert: 17.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 16.07.2022 20:24

Mer om