Finnøy gear innfelt nils erling finnøy foto finnøy gear 22 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
FAMILIEIGD: Nils Erling Finnøy (innfelt) er dagleg leiar og største aksjonær i familieigde Finnøy Gear & Propeller. Foto: Finnøy Gear & Propeller.
Nytt

Minus for Finnøy Gear & Propeller

Driftsinntektene er dei nest høgaste selskapet har hatt, men resultatet blei negativt før første gang sidan 2011.

09.08.2023

Etter at offshoremarknaden tørka inn etter 2014 greidde Finnøy Gear og Propeller likevel å vekse, ved å vinne innpass i fiske- og havbruksbåt-marknaden.

I 2021 var marknaden prega av forseinkinga og utsetjingar på grunn av korona. Det gjorde at inntekter som skulle kome i 2021 først kom i fjor, og er ein del av årsaka til veksten i driftsinntekter frå 2021 til 2022 (sjå tabell).

Finnøy Gear & Propeller leverer gir, propellar, dyser og fjernstyring til sjøs frå basen på Finnøy ved Harøya.

Grunnleggjaren Nils N. Finnøy vert rekna som skaparen av den første norske båtmotoren for fiskeflåten, og selskapet har vakse til ein internasjonal aktør.

På heimebane har selskapet konkurrentar som Nogva Heimdal, Brunvoll og Kongsberg Maritime, frå utlandet Man og Wärtsila.

Finnøy Gear & Propeller as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt111,199,2
Driftsresultat-3,5

1,3

Resultat før skatt-4,01,2

Publisert: 09.08.2023 15:00

Sist oppdatert: 09.08.2023 15:00

Mer om