Geiranger med cruiseskipsmog foto Miguel Angel Barroso Lorenzo Wikimedia Commons
TRYGT: Ned ved det grøne dyrka området, til venstre frå elva sett frå denne vinkelen, byggjer Hotel Union Geiranger-konsernet utleigebustadar. I området kjem det også ny brann- og ambulansestasjon og nytt bustadfelt. Foto: Miguel Angel Barroso Lorenzo/Wikimedia Commons
Nytt

Rekordinvestering i Geiranger

Får bustadfelt, brann- og ambulansestasjon.

03.05.2022

Stranda kommune investerer 66 millionar kroner i bru, veg og bygg for brann- og ambulanse-stasjon. Investeringar opnar også opp eit nytt byggjefelt for bustadar i bygda.

Tomter for både næringsbygg og bustadar har vore ei mangelvare i Geiranger i fleire år.

Stranda kommunestyre har nettopp sagt ja til ei utbygging som kan hjelpe på begge deler.

Innvendingar frå tre representantar gjer at kommunestyret må behandle saka på nytt i mai, men alt ligg an til at det også der bli ja til planane.

Opnar nytt bustadfelt
Stranda kommune skal byggje ein ny brann og ambulansestasjon, litt lenger oppe langs elva på same side av elva som Norsk Fjordsenter ligg.

Helse Midt-Norge har inngått avtale om å leige plass til ambulansestasjon og bu- og overnattingslokale for ambulansepersonell i bygget.

Investeringa blir den største kommunen har gjort i bygda, ifølgje ordførar Jan Ove Tryggestad. Den omfattar bru og veg, i tillegg til bygget som skal huse både brann- og ambulansestasjon - og som også har plass til kontor for politiet.

Brua og vegen opnar også opp for utbyggjing av eit nytt bustadfelt i eit rassikkert område, Berget bustadfelt, med plass til 10-15 einebustadar, ifølgje Tryggestad.

Kan bygge tettare
Kommunen krev ikkje at det skal byggjast einebustadar. Det er ope også for andre alternativ, med fleire bustadeiningar, seier Tryggestad.

Per i dag - før Berget-feltet er klart - har kommune bustadtomter med plass til fem einebustadar klare til bygging i Geiranger. Også der kan det byggjast tettare.

Rett i nabolaget til Norsk Fjordsenter er eit nytt bustadbygg med omlag 23 leiligheter snart ferdig. Det er eit selskap i Hotel Union Geiranger-konsernet som skal eige bygget, som blir bygd for å gi husrom til tilsette på hotellet. Bygget skal stå ferdig i år.

Publisert: 03.05.2022 05:00

Sist oppdatert: 03.05.2022 00:57

Mer om