Frøy vest rederi
BLIR MOWI-SELSKAP? : Oppdrettselskapet Mowi vil kjøpe NTS Group, som mellom anna er største eigar i servicebåtreiarlaget Frøy.
Nytt

Mowi-bod på NTS Group

Verdas største lakseoppdrettar vil kjøpe konkurrenten NTS Group. Får kontroll over servicebåtreiarlag med på kjøpet.

24.01.2022

Mowi (tidlegare Marine Harvest) byr 110 kroner aksjen for konkurrenten NTS Group, melder selskapet i ei børsmelding i dag.

Mowi er allereie dominerande oppdrettselskap på Sunnmøre og i Nordfjord.

Om Mowi får tilslaget på NTS Group vil det først og fremst gjere Mowi større innan oppdrett i Midt- og Nord-Noreg, og på Island.

Servicebåtreiarlag med på kjøpet
NTS Group er også største eigar i børsnoterte Frøy (72,11 prosent), ein av dei større servicebåtreiarlaga for oppdrettesnæringa, med mål om å vere " ledende og foretrukken leverandør av bærekraftige akvaservicetjenester," ifølgje eiga nettside.

Frøy-reiarlaget har avdelingar både i Ålesund, Ulsteinvik og Måløy.

Møre og Romsdal er også heimfylket for to andre store aktørar i servicebåt-bransjen, FSV Group i Molde og og Abyss Group i Kristiansund.

Abyss har tidlegare i år blitt samde med grunnleggarane av Sandsøy Servicebåt om å kjøpe selskapet og innlemme det i Abyss.

Med oppkjøpet av Sandsøy Serviceservicebåt får Abyss Group i Kristiansund ein flåte på 35 ulike typar arbeidsbåtar, med bedrifter i oppdrettsnæringa som viktigaste kundar.

Henta kapital
I samband med at Akva Group sitt selskap AKVA Marine Services fjor vart slått saman med Abyss Group gjekk eit investeringsfond etablert av selskapet Icon Capital inn med 100 millionar kroner i eigenkapital i Abyss Group og vart største eigar. Kapitalutvidinga kan utvidast.

Tidlegare Salmarsjef Leif Inge Nordhammer var aksjonær frå før, og er med på kapitalutvidinga.

Publisert: 24.01.2022 09:13

Sist oppdatert: 24.01.2022 09:18