Myklebust er sikra stor ferjekontrakt
Verftet skal bygge to hydrogenferjer.
Myklebust Verft har etter det NETT NO kjenner til, sikra seg oppdraget med å bygge dei to nye hydrogenferjene Torghatten skal sette inn på Vestfjorden mellom Bodø og Lofoten/Røst.
I fjor vinter blei det klart at reiarlaget vann konkurransen om å drive ferjesambandet over Vestfjorden. I haust vart det kjent at Torghatten var i sluttforhandlingar med fleire verft.
At Myklebust Verft no har sikra seg kontrakten på bygging av to ferjer, blir truleg kunngjort i løpet av kort tid.
Administrerande direktør Leiv Sindre Muren ved Myklebust Verft seier til NETT NO torsdag at han verken kan avvise, eller stadfeste at verftet er sikra ferjeoppdraget.
– Generelt kan eg seie at vi jobbar med aktuelle prosjekt, som vi håpar å kunne dele meir om etterkvart, legg han til.
Verftet har mellom anna bygginga av ein pelagisk trålar for eit skotsk reiarlag, og ei ombygging for Island Offshore, i ordreboka frå før.
Kan kutte utslepp tilsvarande 13.000 dieselbilar
Tidlegare er det kjent at Torghatten skal bygge to nye ferjer som skal inn i sambandet Bodø-Moskenes-Værøy-Røst. I tillegg skal reiarlaget bygge om eksisterande hovudferje til lågare utslepp.
Å ta i bruk hydrogenferjer på Vestfjorden er også eit utviklingsprosjekt for å erstatte diesel med CO2-utsleppsfritt drivstoff på lengre strekningar.
Statens Vegvesen har rekna ut at hydrogenferjene til saman kan bidra til å kutte 26.500 tonn Co2 kvart år – som svarar til utsleppet frå kring 13.000 dieselbilar.
Plass til 120 bilar
Skipsdesignselskapet Norwegian Ship Design har utvikla designet for dei nye ferjene, saman med Torghatten Nord - eit datterselskap i Torghatten-selskapet.
Ferjene skal kunne frakte 120 personbilar kvar, og minst 85 prosent av energibehovet skal dekkast av hydrogen på årsbasis.
Reiarlaget har inngått avtale med selskapet Greenh om levering av hydrogen frå ein planlagd fabrikk i Bodø i åra 2025 til 2040. Det skal investerast kring éin milliard i produksjonsanlegget, som vil skape mellom 10 og 30 nye arbeidsplassar.
Publisert: 29.02.2024 05:00
Sist oppdatert: 29.02.2024 14:14