Mørenot sjef Arne birkeland H M Kronprins Haakon på Aqua Nor 2019 Mørenot FSN Capital foto Ogne
FINT BESØK: Kronprisen Haakon på besøk hos konsernsjef Arne Birkeland (i midten) i Mørenot under oppdrettsmessa Aqua Nor i 2019. Oppdrettsbransjen er den største kundegruppa for Mørenot. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Framleis minus for Mørenotkonsernet

Underskotet krympar for Mørenot-konsernet. Koronakonsekvensane drog ned.

12.08.2022

Storparten av kostnadane med oppkjøp og omorganiseringar skulle gjerast unna i 2020 sa konsernsjef Arne Birkeland til NETT NO i oktober 2020.

Det fekk han rett i, og underskotet krympa (sjå tabell)

Konsekvensane av koronapandemien medverka til at resultatet ikkje utvikla seg enda betre.

Det vart vanskelegare å få fram og få tak i varer og folk og det auka kostnadane.

Investeringsfond
Aksjemajoriteten i Mørenot-konsernet vart kjøpt av eit fond under det skandinaviske investeringselskapet FSN Capital i 2018. Etter det NETT NO erfarte var prisen omlag 900 millionar kroner.

- Vi har ein draum om å børsnotere dette selskapet, sa partnar Ulrik Smith i etter Mørenot-kjøpet i 2018. Han sa den gongen og at slike fond typisk er inne som eigarar i fem års tid, før selskapet blir seld vidare, eller børsnotert.

Målet var å doble Mørenot på fem år, altså innan 2023. I fjor var driftsinntekt 1,3 milliardar kroner.

Oppdrett størst
Mørenot har hovudkontor i Ålesund og lagar garn og nøter til fiske- og oppdrett, og har produkt som er retta mot oljebransjen.

Konsernet sysselsette 758 personar i fjor. 704 millionar kroner av driftsinntektene kom frå kundar i Noreg. Holdingselskapet på toppen av konsernet heiter Holding Cage I.

Produksjon av utstyr til oppdrettsbransjen er den største forretningsverksemda (679 millionar kroner i driftsinntekter i 2021). Deretter kjem fiskeri (540) og offshorebransjen (27 millionar).

Holding Cage I as (Mørenot-konsernet)

Tal i mill. kroner

20212020
Driftsinntekt1335,11260,1
Driftsresultat -10,9-23,4
Resultat før skatt-18,7-83,0

Publisert: 12.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 11.08.2022 19:04

Mer om