Hofseth International hadde ein nedgang i inntekter i fjor, og konsernet enda med eit betydeleg underskot. Det viser årsrekneskapen som no er offentleg.
Etter fleire år med kraftig vekst, sank omsetninga med nær 750 millionar i fjor – og enda på drygt 5,75 milliardar (sjå tabell under).
Lønnsemda forverra seg samtidig samanlikna med 2024. Resultatet før skatt vart minus 340 millionar kroner.
Konsernet driv i hovudsak med oppdrett, fiskeforedling og eksport frå hovudkontoret i Ålesund. Dei viktigaste selskapa er Hofseth Aqua som driv oppdrett og foredlingsverksemdene Hofseth AS, Hofseth Aalesund AS og Seafood Farmers of Norway AS.
| Hofseth International ASA | ||
| Per 4. kvartal. i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 5745,4 | 6488 |
| Driftsresultat | 255,7 | 423,9 |
| Resultat før skatt | -340,8 | -22,6 |
| Hofseth International ASA | ||
| 4. kvartal. i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 1276,2 | 1569,7 |
| Driftsresultat | 24,2 | 105,3 |
| Resultat før skatt | -286,2 | -47,6 |
Det store underskotet blir i stor grad forklart med eingongskostnader på 172 millionar i samband med refinansieringa som kom på plass mot slutten av fjoråret.
Samtidig hadde konsernet eit verdifall på eigarskapen i Hofseth Biocare.
Ventar fall på 30 prosent
I fjor trakk også foredlingsverksemda ned – og styret trur ikkje det blir betre framover.
– 2026 er venta å bli eit betydeleg meir utfordrande år for processing-divisjonen, med veldig låg kontraktsdekning, skriv styret.
Volumet for produksjonen av foredla laks og aure, er venta å falle med kring 30 prosent i 2026. Styret skriv i årsmeldinga at dei vil nytte anledninga til å rette merksemda mot kostnadsreduksjonar og effektiv drift.
Dei ventar at volumet vil auke frå andre halvår, og at marknaden er meir normalisert i 2027.

Auka toll til USA
Bakgrunnen for reduksjonen er mellom anna at norsk laks har hatt ein toll på 15 prosent til USA, mot Chile som har 10 prosent. Det har gjort at fleire forbrukarane har valt fisken til dei søramerikanske eksportørane.
I 2025 utgjorde USA den viktigaste marknaden for Hofseth med kring 45 prosent av salsvolumet.
Konsernet melder samtidig at «icefresh»-satsinga går framover, og at dei no har tre «fryse-hubar» i USA og éin i Tyskland.
Minst ein større amerikanske varehandelkjede planlegg å lansere slik «saktetint» fisk frå Hofseth i løpet av året, og konsernet ventar at metoden skal føre til auka salsvolum.
Sterkt kvartal for oppdrett
Oppdrettsverksemda som i hovudsak er samla i Hofseth Aqua, auka volumet i siste kvartal i 2025 til 3.754 tonn. Det er ei auke på 14 prosent samanlikna med same kvartal året før.
Samtidig auka inntektene frå oppdrett i 4. kvartal til 317 millionar, mot 242 millionar i 2024. Det er ei auke på kring 30 prosent.
Produksjonsvolumet for heile 2025 enda på 14.000 tonn.
Ventar høgare volum
For 2026 ventar konsernet eit comeback med ei auke i produksjonsvolumet for oppdrett med kring 17 prosent.
Den viktigaste drivaren for veksten er to nye forsking- og utviklingskonsesjonar som blei aktivert i 2025.
Dødelegheita for oppdrettsfisken det siste året har vore på 4,3 prosent.
Publisert: 02.03.2026 11:03
Sist oppdatert: 02.03.2026 12:53






