NHO om økonomien: Lyse utsikter vart brått mørkare
Men Øystein Dørum trur verknadene av krigen i seg sjølv vil bli små.
(NPK-NTB-Oda Ertesvåg): Enkeltbedrifter vil bli ramma av sanksjonar og motsanksjonar under Ukraina-krigen, men mykje ligg til rette for frisk vekst i norsk økonomi, spår NHO.
NHOs sjeføkonom Øystein Dørum la tysdag formiddag fram dei økonomiske overblikka deira for første kvartal. Bakteppet for rapporten er det dystraste på svært lenge – Russlands invasjon av Ukraina.
– Konflikten påverkar utsiktene for verdsøkonomien og norsk økonomi på fleire vis. Både krigshandlingane og sanksjonane kan og vil påverke den direkte handelen mellom landa, som for åtte år sidan, skriv Dørum og peikar på annekteringa av Krimhalvøya.
Men dersom krigen ikkje blir utvida, tyder erfaringar frå 2014 på at konsekvensane for verdsøkonomien ikkje vil vere store nok til å spore av oppsvinget.
– Også for norsk økonomi – på terskelen til eit krevjande lønnsoppgjer – ligg det meste til rette for nokså frisk vekst i år, og særleg for forbruket. Norsk eksport vil få god draghjelp utanfrå. Stemninga i bedriftene er god. Arbeidsløysa er lågare enn før korona, skriv NHO.
Sjeføkonom Dørum trur at verknadene av krigen i seg sjølv vil bli små fordi Russlands økonomiske betydning har minka sidan Krim-annekteringa. Unntaket er i råvaremarknadene, der landet står for rundt 40 prosent av EUs gassimport og 25 prosent av råoljeimporten.
Høge energiprisar kan tyngje forbruket
På grunn av høge olje- og gassprisar var eksportverdien av norske petroleumsprodukt historisk høg i 2021, og frå årsskiftet har oljeprisen stige frå 79 dollar fatet til rundt 100 dollar fatet. Gassprisen (TTF) var i starten av januar 80 euro per kWh, men auka til om lag 135 euro per kWh då Russland invaderte Ukraina 24. februar. Sidan har prisane minka noko.
NHO-økonomen åtvarar mot at auka energi- og råvareprisar vil auke kostnadene for bedriftene, at det kan redusere produksjonen og også auke den generelle prisveksten som igjen vil redusere kjøpekrafta til hushalda.
– Det kan tyngje forbruket, skriv han.
Konsekvensane for norsk økonomi vil avhenge av korleis situasjonen utviklar seg framover. Norsk næringsliv har liten direkte eksponering mot Russland, og berre 0,6 prosent av fastlandseksporten går til dette nabolandet.
– Likevel vil enkeltbedrifter i Noreg bli ramma av sanksjonar og motsanksjonar. Mellom anna vil bedrifter som produserer varer eller utfører tenester for russiske kundar, kunne påverkast, heiter det.
Ventar BNP-vekst på 4 prosent
NHO opplyser at utviklinga har gitt gode grunnar til å endre dei anslaga dei har jobba med dei siste vekene. Men sidan situasjonen førebels er uavklart, har dei valt å halde fast ved vekstanslaga sine og synet på pengepolitikken.
Dei anslår at bruttonasjonalproduktet (BNP) for Fastlands-Noreg veks med 4,0 prosent i år og med 2,1 prosent i 2023, medan dei trur at konjunkturtoppen vil minke i 2024 og ventar vekst på 1,7 prosent i både internasjonal og norsk økonomi.
I analysane sine har NHO òg lagt til grunn at Noregs Bank hevar renta med 0,25 prosent i mars, og modellberekningane deira tilseier at det blir fire renteaukar i år. Det betyr i så fall at styringsrenta vil vere 1,5 prosent ved utgangen av året, og det er sterkare enn Noregs Banks rentebane frå desember.
Mogleg dilemma
Men dei peikar samtidig på eit mogleg dilemma sentralbankane står overfor i tida framover – at krigen i Ukraina truleg vil forsterke prisveksten gjennom å drive opp energi- og råvareprisar. Det siste året har aukande prisvekst bidrege til at rentebanane frå sentralbankane er blitt trekte opp.
– Eit skjørare makroøkonomisk bilete, auka uvisse og lågare etterspurnad, tilseier at sentralbankane må vere varsame med å svekkje aktiviteten ytterlegare, heiter det.
Auka uvisse kan bidra til at bedrifter og hushald blir meir forsiktige, og det kan dempe aktiviteten.
Les rapporten NHOs Økonomiske overblikk 1/2022 (ekstern lenke)
(©NPK)
Publisert: 01.03.2022 11:32
Sist oppdatert: 01.03.2022 11:43