Kraft
PRISFALL: 2022 startar med prisfall på straum i Norge. Spesielt har prisen gått mykje ned i aust- og sør-Norge takka vere import av billeg straum frå kontinentet. Dei blå pilane viser flytretninga på straumen. Skjermdump frå Statnett
Nytt

No går kraftflyten mot Norge

Tysk vindkraft bidreg til fall i kraftprisen i Norge.

01.01.2022

Årets første dag startar med fallande kraftprisar i Norge. Hovudårsaka er import av billeg vindkraft frå Tyskland.

Laurdag klokka 10:00 er elspotprisen på Nordvestlandet 49,46 øre kWh, viser tal frå Statnett. I tillegg til prisen kjem nettleige og avgifter.

I aust- og sør-Norge er elspotprisen 117,86 øre/kWh, betydeleg lavare enn prisen har vore i vinter.

Vind dreg ned prisen
Flytretninga på straumen (dei blå pilane, red merk) viser at det går store mengder straum frå kontinentet mot Norge. Straumprisen i Danmark er no 70,05 øre/kWh.

Mellom anna har det siste dagane vore eit stort fall i straumprisen i fleire europeiske land, ikkje minst i Tyskland. Bakgrunnen er at det er godt med vind i Danmark og Tyskland, noko som fører til stor produksjon av vindkraft.

Norge er forbunde med utlandet gjennom fleire kraftkablar, men 29. desember uttalte finansminister Trygve Slagsvold Vedum at det neste prosjektet, NorthConnect mellom Norge og Skottland, ikkje vert noko av.

Les meir her.

Mange søker om bustøtte
For å få utbetalt bustøtte til høge straumutgifter i januar, måtte ein søkje innan 31. desember. Så langt har 10.000 fleire enn normalt søkt bustøtte i desember, opplyser NPK.

Stortinget vedtok før jul å styrkje bustøtta slik at fleire med låge inntekter og høge buutgifter kan få hjelp til høge straumutgifter. Tiltaket gjeld utbetalingar i januar, februar og mars. Førebelse utrekningar viser at dei nye mottakarane vil få i gjennomsnitt 1.100 kroner i støtte per månad, opplyser Husbanken, som fordeler støtta.

Sjølv om det har komme 10.000 nye søkjarar, antek Husbanken at det framleis er mange som kan ha rett til støtte som ikkje har søkt.

– Vi oppmodar alle med låge inntekter til å sjekke via nettsidene våre – www.husbanken.no – om dei kan ha rett til bustøtte, seier Hanne Krogh Lyng Sundbø, avdelingsdirektør for bustøtte i Husbanken.

Publisert: 01.01.2022 09:39

Sist oppdatert: 01.01.2022 09:58

Mer om