Vekstår og fleire tilsette
Tau Tech-satsinga gir arbeid til Bjørdal – som fekk supervekst i omsetninga og fleire tilsette i fjor.
Ørsta-bedrifta PE Bjørdal legg bak seg eit kjempeår med rekordomsetning og kraftig auke i talet på tilsette.
Tysdag blei det klart at dei også skal levere fabrikk og utstyr til det nye skipet til skjellsankarane i Tau Tech.
Rekneskapet er ikkje offentleg enno, men kommersiell leiar Oddbjørn Følsvik i PE Bjørdal fortel at inntektene enda om lag på budsjett - kring 200 millionar. Det er forsiktig sagt eit betydeleg auke frå 2020-omsetninga på 126 millionar.
– Veksten kjem som ei auke i salet og vi er veldig godt nøgd, fortel Følsvik.
Ordreboka og kapasiteten for 2022 er godt fylt opp, men dei har framleis kapasitet til å ta inn ordrar på akvakultur og service- og ettermarknad.
Bedrifta som held til i Hovdebygda har også jobb utover i 2023, legg han til.
Fabrikk og utstyr til Tau Tech
Måndag blei det kjent at Fiskerstrand Verft skal gjere jobben med å bygge om offshoreskipet Tau Tech skal ta i bruk i fiske etter haneskjell.
Ålesund-selskapet har utvikla ein ny metode for fiske etter kampskjell-arten, og skal på prøvefiske til hausten.
Bjørdal skal levere fabrikken om bord, og den skal vere i stand til å handtere kring 100 tonn skjell dagleg. Sluttproduktet er renska og singlefrosne musklar. Dei opplyser ikkje verdien på avtalen, som også inneheld automasjonssystem, fabrikkutstyr og installasjonstjenester.
Vekst i tilsette – og treng fleire
I løpet av fjoråret auka Bjørdal talet på tilsette frå 60 til kring 80
personer.
Oddbjørn Følsvik fortel at dei framleis er på jakt etter flinke folk.
– Vi jobbar med å bygge opp ei avdeling for akvakultur, og vi kjem til å tilsette fleire med teknisk spesialkunnskap og ingeniørkompetanse, fortel han.
Har gjort store investeringar
PE Bjørdal har
dei siste åra investert betydeleg med fornying av
produksjonsfasilitetane, maskinar og system. I desse dager er dei óg i full gong med å bygge eit nytt administrasjonsbygg i Torvmyra.
– Resultatet er at vi får samla heile staben i Ørsta, i tillegg til å ha kontroll over heile verdikjeda og produksjon på ein stad, fortel Følsvik.
(saka held fram under)
Trur på oppdrett
Marknadssjefen har spesielt trua på at oppdrettsdelen av verksemda vil levere gode resultat i åra framover.
– Vi har bygd opp ein stab med svært flinke folk med mange års erfaring frå oppdrettsbransjen. Vi leverer utstyr og system av høg kvalitet for oppdrett av fisk både for landanlegg og for havbruk, fortel Følsvik.
Investeringane har gjort Bjørdal til ein meir komplett leverandør.
– No leverer vi ikkje berre mekanisk utstyr for sortering, vaksinering og logistikk, men inkluderer også vårt eige automasjons- og overvakingssystem i tillegg til filtrering og vassbehandling, legg Følsvik til.
Publisert: 18.01.2022 16:08
Sist oppdatert: 18.01.2022 16:25