Norsk lakseskatt har smitteeffekt
Når oppdrettsnasjonen Noreg aukar skattlegginga av oppdrettselskap blir andre land freista til å gjere det same.
- Skatteinspirasjon, det byrjar vi å sjå tendendsen til, seier sjefanalytikar Ragnar Nystøyl i Kontali Analyse. Selskapet, med adresse i Kristiansund, har spesialisert seg på oppdrettsbransjen og har kundar over heile verda.
Den norske grunnrenteskatten på oppdrett har gitt ønske om ei hardare skattlegging av oppdrettsnæringa vind i segla også i utlandet, etter Nystøyl si vurdering.
- Det at Noreg innfører det (ekstra skatt på oppdrettsnæringa, red merk) og vel å definere det som ein grunnrenteskatt og går ut med så høge skattesatsar skapar ein legitimitet som ei kvar regjering ser sitt snitt til å bruke, seier Nystøyl til NETT NO.
Mindre skilnad
Konsekvensen av auka skatt for oppdrettsnæringa er på frammmrask internasjonalet er mellom anna at gevinsten ved å investere i oppdrett i utlandet i staden for i Noreg vil bli mindre, fordi skilnaden i skattenivået vil bli mindre.
Etter at framlegget om grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa vart lansert i fjor haust argumenterte deler av oppdrettsbransjen med at det no ville bli investert meir i utlandet enn i Noreg.
Den effekten er begrensa, etter Nystøyl si vurdering, mellom anna også fordi det ikke er store nye område i utlandet der oppdrettarane kan etablere ny verksemd.
- Alle har adgangsbegrensingar, seier Nystøyl om regelverket der oppdrettsnæringa alt er på plass.
Saman med eit aukande skattenivå internasjonalt gjer det at oppdrettselskapa berre har begrensa høve til å vri investeringane over til utlandet som eit svar på den norske grunnrenteskatten.
- Det er ikke så mange stadar å flytte til, seier Nystøyl.
Landsbasert må bevise
Landbasert oppdrett kan derimot vere eit alternativ å investere i, meiner Nystøyl.
Utfordinga der er at mange framleis er skeptiske til at landbasert vil lukkast.
Den landbaserte delen av oppdrettsbransjen må ha suksess å vise til over tid før dei store investeringane blir gjort der, etter Nystøyl si vurdering.
Publisert: 30.08.2023 08:54
Sist oppdatert: 02.09.2023 12:54